Abortutvalet legg fram si utgreiing om abortlova 14. desember 2023. Utvikling innan fosterdiagnostikk kan verke inn på debatten om ein skal endre grensa for sjølvbestemt abort.
– Dei siste åra har abortdebatten endra seg som ein konsekvens av fosterdiagnostikken si utvikling. Abort har historisk sett handla om uønskte svangerskap. No handlar det også i større grad om svangerskap som har vore ønska inntil det blir avdekka sjukdom eller avvik hjå fosteret. I 1976 var mindre enn ein prosent av alle nemndbehandlingane grunna i fosteravvik. I 2022 var dette talet 66 prosent, seier Kari Sønderland, leiar av Abortutvalet og medlem i Bioteknologirådet til GENialt.
Leite etter avvik
Når abortutvalet legg fram sin rapport 14. desember vil truleg fosterdiagnostikk og informasjonen den gravide kan få vere ein viktig del av vurderingane. Da dagens abortlov vart til for femti år sidan, var det avgrensa kor mykje informasjon ein kunne skaffe om fosteret si helse og genetikk. Dei siste tiåra har ny medisinsk teknologi gjort at stadig meir av fosteret sitt arvemateriale kan kartleggast og i dag har alle gravide moglegheit til å teste fosteret dei ber i magen. Tilbodet i Noreg er riktig nok avgrensa, men ved å dra til våre naboland eller bestille ein test på internett kan den gravide leite etter fleire titals kromosomavvik og genfeil.
– Fosterdiagnostikk fører til ei rekke etiske problemstillingar i abortdebatten og det vil vere ulike syn på korleis dei ulike avvegingane skal vektast. Personar som lev med ein tilstand som gir tilgang til abort etter fosterdiagnostikk, kan oppleve dette som krenkande og diskriminerande. Samtidig har kvinner rett til å bestemme over sin eigen kropp og helse, og bør difor i utgangspunktet sjølv få bestemme kva som er best for henne og familien. Det same gjeld kva for og kor mykje informasjon kvinna skal kunne få om fosteret. At samfunnet legg til rette for meir fosterdiagnostikk, men samtidig fratar kvinna rett til å velje abort på grunnlag av svara som kjem fram, er ei vanskeleg problemstilling, seier Sønderland.
Fosterdiagnostikk: Kva kan ein få vite – og når?
Kva er fosterdiagnostikk?
Fosterdiagnostikk er undersøkingar for å få informasjon om foster inne i mors mage, mellom anna for å påvise eller avkrefte sjukdom eller utviklingsavvik. Genetisk fosterdiagnostikk undersøkjer arvematerialet til fosteret, anten ved ein blodprøve av den gravide eller med prøvetaking av fostervatnet eller morkaka. Med ultralyd nyttar ein høgfrekvente lydbølgjer til å avbilde fosteret inne i livmora. Då kan ein mellom anna sjå skader eller misdanning hjå fosteret. Tidleg ultralyd er ei form for fosterdiagnostikk, medan den ultralydundersøkinga som skjer rundt veke 18 er ei del av svangerskapsomsorga.
Kven kan få fosterdiagnostikk?
Alle gravide får tilbod om tidleg ultralyd gjennom den offentlege helsetenesta. I tillegg får alle gravide som er 35 år eller eldre ved termin, samt gravide kor det er medisinske eller sosiale grunnar, tilbod om NIPT frå den offentlege helsetenesta. Det er òg tillate for gravide under 35 år å gjere NIPT, men då må ein sjølv kjøpe testen hjå ein privat tilbydar. Nokre gravide kan òg få tilbod om målretta genetiske undersøkingar i tilfelle der det er mistanke om ein konkret genetisk sjukdom.
Kva er NIPT?
NIPT står for non-invasiv prenatal test og er ein screening-metode der ein frå ei blodprøva av mor kan analysere arvematerialet til fosteret og finne ut om det er auka risiko for ulike genetiske avvik. I Noreg er det berre lov til å leite etter tre typar kromosomtalsavvik: trisomi 13, 18 og 21. Vi arvar alle 23 kromosom frå mor og 23 frå far, og dei aller fleste av oss har difor 23 kromosompar. Nokre har ein ekstra kopi av eit kromosom og har då det som kallast ein trisomi. Til dømes har ein person med trisomi 21, meir kjend som Down syndrom, tre utgåver av kromosom 21. NIPT kan òg nyttast til å undersøkje fosteret sitt kjønn og blodtype. Dette er berre tillate om det er medisinsk naudsynt, og kjønnsbestemming før veke 12 er elles forbode.
Når kan ein gjere fosterdiagnostikk?
Tidleg ultralyd skjer mellom veke 11 og 14 i svangerskapet. I den offentlege helsetenesta gjer ein vanlegvis NIPT i samband med denne ultralydundersøkinga. Det er ikkje tillate å gjere NIPT før 10. svangerskapsveke. Dette gjeld og private tilbod. Svartida på NIPT er om lag ei til to veker. Om testen indikerer auka risiko for sjukdom eller misdanning hjå fosteret, vil ei fostervassprøve som oftast kunne bekrefte eller avkrefte diagnosen. Ei slik fostervassprøve takast vanlegvis frå veke 15 i svangerskapet.
Korleis er tilbodet i andre land?
At kva ein kan teste for i Noreg er avgrensa til tre former for trisomi er først og fremst ei politisk avgjersle. I mange andre land er det mogleg å teste for fleire tilstandar, og på den private marknaden i Danmark kan ein mellom anna bruke NIPT til å leite etter nesten hundre ulike genetiske avvik.
Korleis vil tilbodet bli i framtida?
Det er ikkje mogleg å seie korleis framtidas regulering av fosterdiagnostikk vil bli, men den medisinske og teknologiske utviklinga tilseier at det vil kome testar med betre kvalitet for fleire tilstandar. Det verkar òg klart at etterspørselen etter fosterdiagnostiske testar er høg.