Eirik
Publisert: 12. juni 2024

Årelating, amputasjon, oppkast og bark har gjennom historia vore forsøkt mot malaria, oftast utan særleg effekt. Også vaksiner har hatt liten effekt, men no ser to nye vaksiner ut til å gje god beskyttelse mot sjukdommen.

Mektige imperium i Kina, Egypt og Hellas frykta febersjukdommen, og nokre meiner den bidrog til Romerrikets fall. Sjukdommen tok livet av Tutankhamon, Aleksander den Store og Dante Alighieri. Under andre verdskrig stogga malaria dei allierte framrykkingane i Italia og 60 000 amerikanske soldatar døyde av sjukdommen i Stillehavsregionen.

Diverre tilhøyrar malaria ikkje berre historiebøkene, den er òg ein sentral del av dagens globale helse-fortelling. I 2022 var det 249 millionar nye tilfelle og om lag 600 000 dødsfall grunna malaria. Rundt tre fjerdedelar av dei som dør er barn under fem år.

– Barn er sårbare for alvorlege malariainfeksjonar. Spedbarn har antistoff frå mor dei første månadane, men desse forsvinn gradvis i løpet av det første halve året. Deretter er barnet sårbar for alvorlege malariainfeksjonar fram til det får bygd opp sitt eige immunforsvar. Dette skjer ved gjenteken smitte frå malariamyggen opp gjennom barneåra og tek tid, og difor er det oftare barn som dør av malaria, seier Kurt Hanevik, spesialist i infeksjonsmedisin ved Haukeland universitetssjukehus og professor ved Universitetet i Bergen.

I 2022 var det 249 millionar nye tilfelle av malaria og om lag 600 000 dødsfall grunna den myggborne parasitten. Rundt tre fjerdedelar av dei som dør er born under fem år. To nye vaksiner ser ut til å gje god beskyttelse mot sjukdommen. Illustrasjonsfoto frå Ghana: Renate Wefers/iStock

Parasittsjukdom

Namnet malaria kjem frå mal aria, som betyr dårleg luft, på middelalder-italiensk. Men malaria smittar ikkje i lufta direkte, den spreiast mellom menneske via mygg frå Anopheles-slekta. Malaria er ein parasittsjukdom som skuldast Plasmodium-parasitten. Fem ulike Plasmodium-artar gir sjukdom hjå menneske, og Plasmodium falciparum er farlegast. Vanlege symptom er feber, saman med hovudverk, oppkast og utmatting. Utan behandling er malaria dødeleg.

Livssyklusen til malariaparasitten er fascinerande og består av fleire fasar. Når ein mygg som er infisert med parasitten stikk eit menneske, flyt nokre parasittar frå stikket ut i blodet og videre til levra, der parasittane slår seg ned i leverceller. Her veks og deler dei seg i rundt ei veke, heilt til cellene er sprekkfulle av parasittar. Eit ti-tals parasittar frå myggen er nok til å smitte eit menneske, og når levercellene sprekker kan kvar enkelt celle ha fleire tusen utvikla parasittar. Fram til dette stadiet gjev sjukdommen ingen symptom.

Parasittane infiserer så raude blodceller, delar seg og øydelegg cellene. Så gjentek denne prosessen seg fleire gongar, med stadig fleire parasittar som øydelegg stadig fleire raude blodceller. Først no, om lag to veker etter myggstikket, gjev malaria symptom. Parasitten binder seg til blodåreveggane og skadar organ som lunger og hjerne, samtidig som øydelagde blodceller gjev anemi.

Millionar av parasittar flyt no rundt i blodet. Nokre av dei slår seg mellombels ned i beinmergen, der dei gjennomgår ei modning som gjer dei klare for kjønna formeiring. Når ein ny mygg stikker, følgjer desse parasittane med tilbake til myggen. Der formerar dei seg og finn til slutt vegen til myggen sine spyttkjertlar, der dei legger seg klare til å infisere eit nytt menneske neste gong myggen stikk. Denne kjønna formeiringa i myggen er med på å gje parasitten høg grad av genetisk variabilitet, noko som gjer det mogleg å få malaria fleire gonger. Dette har gjort det vanskeleg å utvikle gode vaksiner. Fram til no.

Malariaparasitten infiserer menneske frå mygg (blå sirkel), delar seg inne i lever- og blodceller, før den returnerer til ein ny mygg (gul sirkel) kor parasitten formeirar seg og nye parasittar blir klare til å smitte eit nytt menneske. Figur: iStock

Nye vaksiner

Ei vaksine inneheld stoff som øver kroppen sitt immunsystem i å oppdage og nedkjempe uønskte organismar som virus, bakteriar eller parasittar. Typisk inneheld ei vaksine svekka eller døde deler av organismen som skal motarbeidast, slik at immunresponsen ikkje blir for sterk og gjer personen sjuk. Begge dei nye vaksinane, kjend under namna RTS,S og R21, nytter den same delen av malaria-parasitten, nemleg ein bit av eit protein på overflata av parasitten. Vaksinane siktar seg begge på den aller tidlegaste fasen i malariasmitten, når myggen har stukke og berre eit ti-tals parasittar entrar blodet. For at kroppen sin immunrespons skal bli enda sterkare, nyttar vaksinane òg eit liten bit frå hepatitt B-viruset som har vore brukt i vaksiner i fleire år. Den genetiske oppskrifta til både parasitt- og virusbitane blir satt inn i gjærceller. Desse lagar eit nytt antigen som er ei blanding av malaria-antigenet og hepatitt-antigenet.

Lusitana, 4,og moren Gilimbeta i Lilongwe, Malawi. Da hun var fem måneder gammel var Lusitana det første barnet som fikk malaria-vaksinen RTS,S som del av WHOs malarivaksineprogram. Foto: WHO / Fanjan Combrink

Effektiv og tilgjengeleg

Sjølv om dei to vaksinane nyttar dei same grunnprinsippa ser det ut som at R21-vaksina har ei rekke føredelar. Den er enklare å lage, billigare, og den ser òg ut til å gi betre vern mot malaria. I februar kom resultata frå ein stor klinisk studie der nesten 5000 barn fekk R21-vaksina, og den viser ein gjennomsnittleg effekt på 78%. Eit viktig funn var at denne beskyttelsen var tilnærma like god i alle områda: både der kor malaria er ein sesongbasert sjukdom òg der den er til stades året rundt.

At R21-vaksina var så effektiv er viktig, men nesten like viktig er det at produksjonen av vaksinen er lisensiert ut til verdas største vaksineprodusent, Det Indiske Seruminstituttet. Dei har lova å produsere 100 millionar dosar allereie i år, og ei dobling dei neste to åra. Tre eller fire dosar av vaksinen er naudsynt for best mogleg beskyttelse, og produksjonskapasiteten er difor viktig for at flest mogleg skal ha nytte av den. Prisen per dose vil vere om lag 30 til 50 kroner. Hanevik trur vaksinen vil ha stor betyding i område med høg malariaførekomst.

– Vaksinen representerer eit heilt nytt verktøy i kampen mot malaria. Den angriper parasitten på det stadiet der den er mest sårbar, nemleg på veg frå myggstikket til levra i mennesket. Om ein i tillegg kan legge til ein komponent som også angrip parasittane når dei sugast tilbake i myggen, vil vaksinen bli enda betre. Ei slik kombinasjonsvaksine vil både hindre alvorleg sjukdom hjå den som blir vaksinert, men òg hindre overføring av malaria til andre personar, seier Hanevik.

***

Du kan lære mer om hvordan genteknologi brukes i kampen mot malaria under Arendalsuka 2024. Da arrangerer vi møtet New biotechnology to end malaria: a priority for Norwegian aid? onsdag 14. august kl 10-11 på Impact Hub Agder. Arrangementet vil være på engelsk, og blir strømmet.

Kjelder:
Datoo et al. The Lancet 2024. www.doi.org/10.1016/S0140-6736(23)02511-4
www.britannica.com/science/malaria/Malaria-through-history