Reprogrammerte stamceller gjer at kvinne med diabetes produserer insulin igjen.
Hjå personar med diabetes type 1 har kroppen angripe og øydelagt dei insulinproduserande betacellene i bukspyttkjertelen. Utan desse cellene greier ikkje kroppen å produsere insulin, eit hormon som regulerer blodsukkeret. I 100 år har behandlinga for pasientar med diabetes type 1 vore den same: å tilføre insulin. Til alle måltid, kvar dag, heile livet må pasientane berekne og dosere ei passe mengde insulin. Blir dosen for stor er det fare for føling og i verste fall livstruande lågt blodsukkernivå.
Derfor er det ei stor nyhende at kinesiske forskarar no har nytta celler frå ein pasient med diabetes type 1 til å lage nye insulinproduserande betaceller. Feittceller frå magen til pasienten vart reprogrammert til å bli pluripotente stamceller, som forskarane så styrde til å bli betaceller, før dei reprogrammerte cellene ble sett inn i pasienten igjen. Eit år etter at cellene blei satt tilbake, viser resultata at behandlinga har fungert strålande, med tilnærma normale blodsukkernivå hjå kvinna.
Ein stor fordel med slike stamceller er at dei er laga frå pasienten sine eigne celler. Dermed kan det vere mogleg å unngå at kroppen støyter frå seg cellene. Kvinna tok allereie immundempande medisinar fordi ho var levertransplantert, så forskarane veit enda ikkje om kroppen aksepterte dei nye cellene. Det er likevel grunn til å tru at ny bioteknologi vil forbetre framtidas behandling for pasientar med diabetes type 1.