Svein
Publisert: 19. februar 2026

For å kunne delta i kvinneklassa i VM i friidrett og boksing hausten 2025, måtte norske landslagsutøvarar ta ein gentest som er ulovleg å gjera i Noreg. No ønsker fleirtalet i Bioteknologirådet å endre forbodet.

Det er OL i Rio i 2016.Startskotet nærmar seg i finalen på 800 meter for kvinner. På startstreken står åtte av verdas beste løparar, klare for å springa sitt livs løp. Blant dei var sør-afrikanske Caster Semenya, som ufrivillig har vorte ein av dei mest kontroversielle deltakarane i kvinneklassa i friidrett på 2010-talet. Semenya har kvinnelege kjønnskarakteristikkar, men er fødd med mannlege kjønnskromosom og ein genetisk variant som påverkar korleis kroppen responderer på testosteron. Dette vert kalla variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling (VKK), også ofte kalla DSD (sjå faktaboks). I finalen i Rio la Semenya seg tidleg i front, og vann til slutt gull. Sølvet gjekk til Francine Niyonsaba frå Burundi og bronsen til Margaret Wambui frå Kenya. Alle dei tre utøvarane har mannlege kjønnskromosom og ein DSD-tilstand. Resultatet frå denne OL-finalen sette fart på diskusjonar kring kor vidt desse utøvarane har ein urettferdig fordel i konkurranse med personar fødd med kvinnelege kjønnskromosom, og kring kven som burde, og kven som ikkje burde, få lov til å delta i kvinneklassa.

SRY-genet, kjønnshormon og kjønnstesting

SRY er eit gen som ligg på Y-kromosomet og er nødvendig for å starte utvikling av testiklar i fosterlivet. Testiklar produserer hormona testosteron og AMH, som påverkar vidare kjønnsutvikling.

Testosteron har innverking på muskelmasse, styrke og oksygentransport.

Personar med mannlege kjønnskromosom og variasjon i kroppsleg kjønnsutvikling (46, XY DSD) har ofte genvariantar som gjer at kroppen utviklar både mannlege og kvinnelege kjønnskarakteristikkar.

Nokre sjeldne DSD-diagnosar inneber fullstendig manglande respons på testosteron. Det vil si at ein har mannleg kjønnskromosom, men at testosteronet som produserast ikkje har innverking på muskelmasse, styrke eller oksygenopptak. Personar med desse diagnosane får framleis konkurrere i kvinneklassa.

Kven skal ut?

Heilt sidan kvinner for første gong fekk konkurrere i idrett, har ulike kriterium vore lagt til grunn for kven som kan delta i kvinneklassa. Visuell inspeksjon (også kalla naken-paradar), kromosomanalyse og SRY-testing har vorte brukt i tidlegare tider. Dei siste 20 åra har vore prega av diskusjonar om ulike grenser for kor mykje testosteron ein kan ha i kroppen. No har friidretten gått bort frå hormongrenser, og hausten 2025 innførte det internasjonale friidrettsforbundet på nytt reglar om at alle som deltar i kvinneklassa på øvste nivå skal ta ein genetisk screeningtest for SRY-genet.

Alle som testar positivt på SRY-testen får tilbod om vidare medisinsk utgreiing for å undersøke om dei har hatt fordel av testosteronproduksjon i puberteten. Testen er også innført i boksesporten, men her både for kvinneklassa og herreklassa. Samtidig jobbar FIS, det internasjonale skiforbundet, med ei mogleg implementering av den genetiske testen i skisport.

SRY-testen er svært enkel å gjennomføre, men denne testinga er forbode i Noreg etter bioteknologilova fordi det er rekna som ei genetisk undersøking utan «eit medisinsk formål […]». Forboda i Bioteknologilova gjer også at norske idrettsforbund ikkje kan bistå, dersom enkeltpersonar reiser til utlandet for å få gjennomført ein SRY-test.

SRY-testen blir brukt til å påvise Y-kromosom. Dersom testen er positiv, er vidare medisinske undersøkingar nødvendig for å avgjere om vedkomande har ein prestasjonsmessig fordel av dette, og om utøvaren skal delta i herre- eller kvinneklassa. Figur: Svein Isungset Støve/Bioteknologirådet

Fleirtalet i Bioteknologirådet seier ja

Nyleg har Bioteknologirådet drøfta dette forbodet, og om det bør opnast for denne typen genetisk testing i Noreg. Saka vart diskutert prinsipielt, utan å ta stilling til om ein SRY-test er ein god parameter for å avgjere deltaking i kvinneklassa i friidrett eller ikkje, eller kva prinsipp idretten bør legge til grunn i sine vurderingar.

– Ein kan like, eller ikkje like, at det er innført krav om slike testar i internasjonal toppidrett, og så er det vår oppgåve å tenke på om norske utøvarar bør kunne ta den nødvendige testen i trygge rammer her heime, eller om dei må reise til utlandet for å verte testa, seier Marianne Aasen, leiar i Bioteknologirådet.

Marianne Aasen, leiar i Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Aasen var del av eit fleirtal på 11 av 15 medlemar som meiner at denne typen testing bør verte lovleg også i Noreg. Tre av desse elleve medlemane ønska eit unntak frå regelverket berre for toppidrettsutøvarar som skal delta i konkuransar i utlandet der ein SRY-test vert kravd, medan åtte av dei elleve, Aasen inkludert, meiner at det kan opnast for å gjennomføre denne typen genetisk test utan å legge avgrensingar til internasjonal toppidrett til grunn.

– Det vil vera eit gode for dei som ønsker å få denne typen informasjon, å få tilgang til informasjon om eigen kropp og helse, og det kan vera gunstig å få denne informasjonen tidleg i livet, seier Marianne Aasen.

Dei tre medlemane som ønskte å berre opne for testing i samanheng med idrett der slike testar vert kravde for å kunne delta, grunngjev dette med at testing i Noreg kan gi tryggare rammer, mellom anna ved å sikre god informasjon, rettleiing og oppfølging frå idretten sitt støtteapparat og helsepersonell både i forkant og etterkant av testen.

Felles for alle dei elleve var at dei meiner denne typen genetiske testar, utan eit medisinsk formål, ikkje bør vera finansiert av helsevesenet, og at det berre skal verte tillate for dei over 16 år.

Mindretalet vil bevare forbodet

Eit mindretal på fire av medlemane i Bioteknologirådet meiner at forbodet mot genetiske undersøkingar for å bestemme kjønnstilhøyrsle, utan medisinsk formål, bør verte oppretthaldt. Dei peiker på at det er gode grunnar til at genetiske undersøkingar er strengt regulerte, og at argumenta for å oppheve forbodet i samband med idrettsutøving ikkje er sterke nok til å sette denne reguleringa til side.

Synne Lerhol, medlem av Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Synne Lerhol var ein av rådsmedlemmane som argumenterte mot å tillate genetisk testing av denne typen. Ho meiner det er eit paradoks at regelverket til internasjonale idrettsorganisasjonar kan få så stor innverknad på norsk lovgjeving at lovendringar vert drøfta.

– I utganspunktet tenker eg og at genetisk testing for å ekskludere personar frå kvinneklassa er diskriminerande all den tid det også finst andre genetiske variantar som kan vere prestasjonsfremjande. Dette kan vere genetiske variantar som til dømes gir betre O2-opptak, påverkar muskelbygging, høgd eller andre eigenskapar, seier Lerhol.

Bioteknologirådet har no levert si fråsegn til departementet, og så vert det opp til politisk leiing å bestemme om eit forslag om å tillate denne typen genetisk testing i Noreg vert lagt fram for Stortinget.

Faksimiler frå NRK, VG, Nettavisen, Aftenposten, TV2 og abcnyheter.no