Publisert: 9. juli 2013

Maiskolbe.
Foto: yaymicro

Noreg bør avslå 27 søknader om å få godkjent genmodifisert mais til import, vidareforedling og bruk i mat og fôr, tilrår eit fleirtal i Bioteknologinemnda.

Desse maissortane er godkjente i EU, og på grunn av EØS-avtalen må Noreg avgjere om vi òg skal godkjenne dei her. Maissortane er genmodifiserte slik at dei enten toler sprøytemiddel med glyfosat og/eller glufosinat, produserer insektgift eller begge delar.

For å bli godkjent skal ein genmodifisert plante ikkje skade helsa eller miljøet. Noreg skal òg legge vekt på om den genmodifiserte planten bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg.

Fleirtalet i Bioteknologinemnda meiner at dei genmodifiserte maissortane ikkje bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttige eller etisk forsvarlege fordi:

–      ugras utviklar resistens mot sprøytemidla plantane er genmodifiserte for å tole, fortare enn med alternative produksjonsmåtar. Det gjer at bøndene må sprøyte meir, ofte med meir giftige sprøytemiddel

–      sprøytemiddelbruken ser ut til å ha auka i store GMO-produksjonsland

–      sprøytemiddel som inneheld glufosinat, er dokumentert helse- og miljøskadelege

–      insektgifta som dei insektresistente plantane produserer, kan skade ikkje-målorganismar

–      skadeinsekt kan utvikle resistens mot insektgifta fortare enn med alternative produksjonsmåtar, slik at bøndene må sprøyte avlingane likevel

–      forskingsresultat tyder på at det kan vere ein mogleg helserisiko ved desse GMO-ane, noko som må avklarast

Eit mindretal i Bioteknologinemnda meiner nokre sortar kan godkjennast til fôr, medan eit anna mindretal meiner alle bør godkjennast både til mat og fôr.

Det er selskapa som søkjer om godkjenning, som har ansvaret for å dokumentere om maissortane bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttige og etisk forsvarlege, slik genteknologiloven krev. Men til no har Noreg ikkje fått nokon slik dokumentasjon.

Både Vitskapskomiteen for mattryggleik, Mattilsynet, Bioteknologinemnda og Miljødirektoratet skal vurdere søknadene. Deretter sender Miljødirektoratet ei tilråding til Miljøverndepartementet. Regjeringa tek den endelege avgjerda.

Les fråsegna frå Bioteknologinemnda her.