Publisert: 19. november 2013

Nellikar i to lilla-nyansar
Genmodifiserte nellikar av merket Moonlite. Foto: Kristofer Vamling

Genmodifisert nellik er til sals i norske blomsterbutikkar. No vurderer myndigheitene å godkjenne enda ein sort.

Av Andreas Tjernshaugen i tidsskriftet GENialt

Om du ikkje arbeider på laboratorium, er avskorne nellikar truleg den einaste genmodifiserte organismen du vil treffe på her i landet. Genmodifiserte, lilla nellikar av merket Moonlite er til sals i norske blomsterbutikkar. Nellikane er importerte. Hagenellik blir ikkje dyrka for produksjon av snittblomster i Noreg.

Det er også ei rekkje andre genmodifiserte nelliksortar som er godkjende for marknadsføring som snittblomster.

No har Miljødirektoratet invitert til høyring om ein ny, genmodifisert nelliksort. Viss EU godkjenner denne nelliken for import, må regjeringa bestemme om han også skal godkjennast i Noreg. Nelliken er genmodifisert med gen frå petunia og fiol som gir lilla farge på blomstrane. Det er også sett inn eit gen frå tobakk som gjer nelliken resistent mot sprøytemiddel med klorsulfuron. Sprøytemidla blir nytta til å velje ut dei plantane som har vorte genmodifiserte under utviklinga av plantesorten, og skal ikkje nyttast i produksjonen.

Det er det australske firmaet Florigene som står bak både Moonlite-nellikane og den nye nelliksorten SHD-27531-4, som no skal vurderast.

Bioteknologinemnda har nyleg stilt ei rekkje spørsmål om den nye nelliken som nemnda meiner produsenten bør svare på før myndigheitene tar stilling til søknaden.

Lilla nellik med engelsk tekst som opplyser om at planten er genmodifisert
Slik var genmodifiserte nellikar merka i ein svensk blomsterbutikk for nokre år sidan. Foto: Casper Linnestad

Bioteknologinemnda har tidlegare uttalt seg om genmodifisert nellik med endra blomsterfarge ved fleire høve, sist om sorten Moonlite i 2008. Da meinte nemnda at denne nelliksorten ikkje utgjorde nokon fare for helse og miljø.

Eit fleirtal i Bioteknologinemnda på 11 av 17 medlemmer tilrådde derfor å godkjenne import av snittblomster frå Moonlite. Mindretalet meinte nelliken likevel ikkje burde få godkjenning fordi den ikkje hadde nokon klar samfunnsnytte.

LES MEIR: Bioteknologinemndas spørsmål om nelliken