Publisert: 27. november 2013

Foto: Scanstockphoto
Foto: Scanstockphoto

Korleis kan ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante bidra til berekraftig utvikling?

Bioteknologinemnda og Miljødirektoratet inviterer til lansering av rapporten Sprøytemiddelresistente genmodifiserte plantar og berekraft i Trondheim 11. desember.

Etter genteknologiloven skal ein genmodifisert plante ikkje vere skadeleg for helse og miljø for å bli godkjend her i landet. I tillegg skal vi vurdere om planten er samfunnsnyttig, etisk forsvarleg og bidreg til berekraftig utvikling. Men kva skal eigentleg til for å kunne seie at ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante er berekraftig?

For å få svar på dette har Bioteknologinemnda, på oppdrag frå Miljødirektoratet, i 2012/2013 gjennomført prosjektet «Sprøytemiddelresistente genmodifiserte plantar og berekraft».

Rapporten frå prosjektet er no ferdig. Her har Bioteknologinemnda gitt råd om kva spørsmål som er viktig å undersøke, for å kunne seie om ein sprøytemiddelresistent genmodifisert plante bidreg til berekraftig utvikling.

Tid: 12.00–14.00, inkludert lunsj

Stad: Miljødirektoratet, Brattørkaia 15, 7010 Trondheim

Seminaret er gratis og ope for alle.

Innlegg frå:

Gunn Paulsen, seksjonsleiar, Seksjon for biotryggleik, framande artar og kulturlandskap, Miljødirektoratet

Audrun Utskarpen, seniorrådgivar i Bioteknologinemnda

Vidar Gundersen, Sustainability Manager i fiskefôrprodusenten BioMar

Alf Jostein Skjærvik, kvalitetssjef i fiskeoppdrettsfirmaet SalMar Farming

Mari Gjengedal, leiar i Spire, ungdomsorganisasjonen til Utviklingsfondet

 

Logo MiljødirektoratetLogo Bioteknologinemnda