Publisert: 18. desember 2013

Matris
I 2012 fann Mattilsynet ulovleg GMO i 2 av 11 undersøkte risprodukt frå Kina. I 52 av 118 prøvar frå annan mat og dyrefôr fann dei spormengder av EU-godkjende GMO-ar. Det vil seie at GMO-innhaldet var utilsikta og klart under 0,9 prosent. Foto

Ein ny metode gjer det mogleg å avsløre genmodifiserte organismar sjølv om ein ikkje veit noko om kva gen som kan vere sette inn.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Til no er ingen genmodifiserte organismar (GMO-ar) godkjende for bruk i mat og fôr i Noreg. Kvart år tek Mattilsynet stikkprøvar for å kontrollere om mat og fôr som blir importert hit til landet, inneheld GMO. Men vi kan berre oppdage GMO-ar viss vi kjenner til kva DNA-bitar vi skal sjå etter.

Forskar Arne Holst-Jensen ved Veterinærinstituttet i Oslo har saman med kollegaer i Kina og Slovenia no funne fram til ein metode for å oppdage GMO-ar vi ikkje veit eksisterer. Forskarane har vist at metoden fungerer på ris.

– I løpet av ei til to veker kan vi no slå fast om ein viss ristype er ein ukjend GMO, seier Holst-Jensen.

Kor lang tid det tek, kjem an på kor stort genomet (heile DNA-et) er, og vil derfor variere frå planteart til planteart. DNA-et til ris er forholdsvis lite.

I mange andre artar er DNA-et enno ikkje godt nok kartlagt, men forskarane reknar med å kunne finne ukjende GMO-ar av til dømes mais og soya på same måte.

Til no har det vore vanleg å nytte såkalla PCR-analysar for å undersøkje om plantemateriale stammar frå ein genmodifisert plante, noko som kan gjerast i løpet av eit par dagar. Da kopierer ein opp og analyserer kjende område av DNA-et, til dømes bitar ein trur er dei nye gena som er sette inn.

Holst-Jensen og medarbeidarane kartlegg med den nye metoden alt DNA-et frå den risen dei skal finne ut om er genmodifisert. Dei har utvikla eit dataprogram for å samanlikne dette DNA-et med DNA frå vanleg ris.

– Dersom vi finn ein DNA-bit som ikkje stemmer med den vanlege DNA-samansetnaden til ris, kan det vere eit nytt gen som er sett inn ved hjelp av genmodifisering, forklarer Holst-Jensen.

Portrett
Arne Holst-Jensen

Metoden vil òg vere nyttig for dei som utviklar nye GMO-ar. Dei kan bruke han til å finne ut kor godt dei har lykkast med genmodifiseringa. Kontrollorgan som Mattilsynet kan nytte metoden til å finne kjende GMO-ar. Da leitar dei gjennom heile DNA-et, enten etter kjende gen eller DNA-bitar dei veit blir nytta i fleire ulike GMO-ar.

Holst-Jensen meiner dei nye analysane om fem til ti år vil kunne konkurrere på pris med dei PCR-baserte analysane ein gjer i dag. Informasjonen ein får ut, vil òg vere mykje meir detaljert og komplett.

– Det som kostar mest, er arbeidskrafta. I Noreg vil éin analyse no koste om lag 100 000 kroner, men når vi kan gjere det raskare, går prisen ned.

– Kor vanlege er ukjende GMO-ar?

– Vi har ikkje data på det ettersom vi ikkje har kunna leita etter det, seier Holst-Jensen.

– Men vi veit at GMO-ar har vorte lettare å lage, og at det blir gjort mykje utviklingsarbeid rundt om i verda. Nokon ønskjer kan hende ikkje at omverda skal vite kva dei held på med, fordi dei fryktar konkurrentar, eller fordi dei er redde for at nokon skal øydeleggje forsøka deira. Andre fryktar kanskje at dei ikkje får selt produkta sine viss det kjem ut at dei er genmodifiserte.

– Korfor er det viktig å leite etter ukjende GMO-ar?

– Før ein GMO kan godkjennast, skal styresmaktene vurdere om han kan utgjere ein helse- eller miljørisiko. Til det treng ein kunnskap om DNA-samansetnaden. Ukjende GMO-ar kan vere harmlause, men dei kan òg vere skadelege, og det veit vi ikkje før vi har undersøkt. I dag vil det i praksis ikkje bli oppdaga om nokon sel ukjende GMO-ar.

Les meir:
Yang L., Wang C., Holst-Jensen A., Morisset D., Lin Y., Zhang D. (2013): Characterization of GM events by insert knowledge adapted re-sequencing approaches. Scientific Reports 3:2839.