Publisert: 11. mars 2015

Mann med maiskorn
Det er no lov å importere fire genmodifiserte maissortar til dyrefôr i Noreg. Men det finst få aktuelle produkt. Foto: iStock

Regjeringa la i november ut ei liste over ni genmodifiserte produkt som det er lov å omsetje i Noreg. Med eitt unntak var det nytt for Bioteknologirådet at desse GMO-ane er godkjende i Noreg.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt

Dei genmodifiserte organismane er godkjende etter utsettingsdirektivet i EU, som er teke inn i norsk rett gjennom EØS-avtalen. Klima- og miljødepartementet tolkar no genteknologiloven slik at produkta er godkjende i Noreg så lenge det ikkje er vedteke noko forbod mot dei. Dei fleste godkjenningane gjeld mais og raps som kan nyttast i dyrefôr, og andre produkt som inneheld frø som kan spire. Godkjenningane gjeld ikkje mat.

Ifølgje Mattilsynet er det få eller ingen fôrprodukt frå desse GMO-ane som inneheld spiredyktige frø, og derfor er aktuelle å importere. Viss nokon vil importere ferdig tilverka mat- eller fôrvarer frå genmodifiserte plantar eller male opp frø til mat og fôr i Noreg, må dei søkje Mattilsynet om løyve først. Mattilsynet har til no ikkje motteke nokon søknader frå importørar.

Likevel ikkje godkjend

På lista over godkjende produkt står ikkje maistypen T25, som er eitt av dei to produkta klima- og miljøminister Tine Sundtoft først sa var godkjende i eit intervju med Bergens Tidende i oktober. Ifølgje departementet er T25 likevel ikkje godkjend i Noreg fordi han ikkje lenger er godkjend etter utsettingsdirektivet i EU, men etter mat- og fôrforordninga, som enno ikkje er innlemma i EØS-avtalen.

– T25 har fått merksemd fordi han er framstilt med tanke på dyrking med eit sprøytemiddel som er så skadeleg at det er forbode i Europa. Derfor er det gledeleg at den grundige vurderinga i departementet no viser at han ikkje lenger er tillaten, seier Sundtoft i ei fråsegn.

Fleire av GMO-ane på lista over godkjende produkt er likevel resistente mot same type sprøytemiddel som T25. Det dreier seg om tre rapstypar (MS8, RF3 og krysninga MS8xRF3) og maistypen 1507. Alle er resistente mot sprøytemiddel med verkestoffet glufosinat, som altså er forbode i Noreg og blir fasa ut i EU fordi det er dokumentert helse- og miljøskadeleg.

Dyrking er òg lov
Ifølgje departementet er det òg lov å dyrke maisen MON810 i Noreg, men det krevst ei eiga godkjenning for å bruke han i mat og fôr, og han høver heller ikkje så godt til mat.

MON810 er den einaste GMO-en som er godkjend for dyrking i EU. Planten er resistent mot visse skadeinsekt og blir i dag stort sett dyrka i Spania og Portugal. Åtte EU-land har forbode dyrking av MON810 fordi dei meiner maisen utgjer ein miljørisiko.

I Noreg dyrkar vi noko mais til fôr. Fordi skadeinsekta som MON810 er resistente mot, knapt finst i Noreg, er det lite aktuelt å dyrke MON810 her. Men om MON810 skulle bli blanda inn i parti med andre maisfrø, vil det ikkje vere ulovleg.

LES MEIR: Miljødirektoratet rår regjeringa til å forby dyrking, men tillate import av MON810

Vurderer forbod

Klima- og miljødepartementet skal no vurdere om regjeringa bør forby nokre av produkta på lista, og har bede Miljødirektoratet om faglege tilrådingar om alle dei ni GMO-ane. GMO-ane skal vurderast etter kriteria i genteknologiloven, det vil seie helse, miljø, berekraftig utvikling, samfunnsnytte og etikk.

Tilrår avslag

Miljøstyresmaktene sette i gang norsk sluttbehandling av sju av desse GMO-søknadene for fleire år sidan, men sluttbehandlinga har ikkje vorte ferdig. Bioteknologirådet (som den gongen heitte Bioteknologinemnda) har uttalt seg om desse GMO-ane fleire gonger, sist i 2013. Eit fleirtal av medlemmene rådde til å avslå
alle søknadene som galdt mais og raps. Mindretalet ønskte å følgje godkjenningsvedtaka i EU.

Bioteknologirådet la vekt på at det er søkjarane som har ansvaret for å dokumentere at GMO-ane bidreg til berekraftig utvikling, er samfunnsnyttige og etisk forsvarlege. Produsentane har ikkje svart på spørsmål frå norske styresmakter om dette. Bioteknologirådet vurderte det likevel så langt det lét seg gjere. Fleirtalet konkluderte med at produkta ikkje bidreg til berekraftig utvikling i eit globalt perspektiv, og heller ikkje er etisk forsvarlege eller særleg samfunnsnyttige.

Bioteknologirådet la òg vekt på at rapsfrø spreier seg og spirer lett, og at frø som kjem på avvegar under lagring og transport, kan føre til at uønskte gen spreier seg i norsk natur.

Sprøytemiddelresistens

Når det galdt sprøytemiddelresistente plantar, la fleirtalet vekt på korleis resistent ugras har utvikla seg i områda der slike plantar blir dyrka, og at dyrkarane nyttar meir sprøytemiddel per arealeining, samstundes som dei sprøytar med meir giftige sprøytemiddel enn før. Sprøytemiddel med glufosinat er som før nemnt forbodne i Noreg, og fleirtalet såg det ikkje som etisk forsvarleg å bidra til å halde bruken av slike sprøytemiddel oppe i andre land.

Insektresistens

Nellik
Genmodifisert nellik til snittblomster er godkjend i Noreg. Foto: iStock

Fleirtalet i Bioteknologirådet meinte at MON810 utgjer ein uavklart miljørisiko. Det er fordi fleire forskingsarbeid tyder på at insektgifta som MON810 produserer, kan skade andre organismar i miljøet enn berre skadeinsekta. Rådsmedlemmene meinte òg at MON810 ikkje kan reknast som samfunnsnyttig ettersom insekta maisen er resistent mot, knapt finst i Noreg. Det kan heller ikkje reknast som verken berekraftig eller etisk forsvarleg å dyrke ein mais som produserer insektgift til ingen nytte.

Godkjend nellik

Eit fleirtal i Bioteknologirådet tilrådde i 2008 å tillate import av snittblomster frå den genmodifiserte, blå nelliken Moonlite, som norske styresmakter seinare godkjende. Med unntak av denne nelliken er det nytt for Bioteknologirådet at GMO-ane på lista frå departementet er godkjende i Noreg.

Nye søknader

Den nye tolkinga av genteknologiloven vil òg ha følgjer dersom nye GMO-ar blir godkjende under utsettingsdirektivet i EU. Klima- og miljødepartementet har sagt at Noreg må avgjere om vi vil forby GMO-ane innan «rimeleg tid», men har enno ikkje
gjort klart kva det vil seie. Dei fleste EU-godkjende GMO-ar vil likevel ikkje utan vidare vere godkjende i Noreg. Det er fordi dei fleste produsentane i dag søkjer om godkjenning under mat- og fôrforordninga, som ikkje er teken inn i norsk rett. Det kan dei gjere sjølv om søknaden òg gjeld dyrking, men søknaden må da oppfylle krava i utsettingsdirektivet. Den nye lovtolkinga vil først og fremst få følgjer dersom produsentar berre søkjer om godkjenning av dyrking, produkt med frø som kan spire, eller andre levande organismar. Når mat- og fôrforordninga blir teken inn i EØS-avtalen, vil Noreg få ein frist på seg til å avgjere om vi vil forby ein EU-godkjend GMO. Det er uvisst når dette vil skje.