Publisert: 27. mars 2015

Bioteknologirådet er eit frittståande, rådgivande organ som arbeider med rådgiving, informasjon og debattskapande aktivitet. Bioteknologirådet vurderer og informerer om etiske og samfunnsmessige spørsmål som gjeld bruk av bioteknologi på menneske, plantar, dyr og mikroorganismar. Rådet ligg administrativt under Helse- og omsorgsdepartementet.

Bioteknologirådets sekretariat – fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar: humanmedisinsk bruk av bioteknologi

Vi søkjer ein person med høgare utdanning, minimum mastergrad og helst doktorgrad innan human genetikk, genteknologi eller molekylærbiologi, med erfaring frå forsking og/eller anna relevant arbeids- eller saksbehandlingserfaring.

Du må vere sjølvstendig, aktiv, samfunnsengasjert og skriveglad. I tillegg må du vere fleksibel, omgjengeleg med gode samarbeidsevner og ha interesse for etiske spørsmål. Vi legg vekt på at du er personleg eigna og god til å skrive. Det er ein føresetnad at du meistrar norsk godt.

Arbeidet vil omfatte større faglege utgreiingar innan våre fagområde, utoverretta verksemd, journalistisk arbeid og nokre administrative oppgåver som arrangering av møte.

Vi kan tilby ein utviklande og interessant arbeidsplass med stor kontaktflate og høve til å jobbe sjølvstendig med mange ulike oppgåver.

Lønn: 55–75 (466 800–675 500)

Du kan rette spørsmål til direktør Sissel Rogne, telefon 24 15 60 21 eller 907 32 123.

Send søknad på jobbnorge.no