Publisert: 28. mai 2015

Rapsplanter mot blå himmel
Raps. Foto: iStock

Miljødirektoratet har rådd til å forby fire genmodifiserte plantar som er godkjende i EU. Det er i tråd med det Bioteknologirådet tidlegare har gått inn for.

Av Audrun Utskarpen

Det dreier seg om éin maissort og tre rapssortar, og søknadene gjeld import, tilverking og bruk i mat og fôr.

Gen for antibiotikaresistens

Maisen MON863 er genmodifisert til å tole sprøytemiddel med glufosinat og inneheld gen for antibiotikaresistens. Gena for antibiotikaresistens er nyttige i utviklingsprosessen på laboratoriet, men har ingen funksjon i den ferdige planten. Miljødirektoratet har lagt vekt på at gena for antibiotikaresistens kan spreie seg til bakteriar som gjer folk sjuke. Sjølv om det er lite sannsynleg, kan det få store konsekvensar fordi vi da ikkje lenger kan behandle desse sjukdommane med antibiotika. Vurderinga er i tråd med det Bioteknologirådet tidlegare har rådd til.

Raps spreier seg

Dei tre rapssortane Ms8, Rf3 og krysninga Ms8xRf3 er genmodifisert til å tole sprøytemiddel med glufosinat. Her har Miljødirektoratet lagt mest vekt på at raps spreier seg lett og kan krysse seg med dyrka raps og ryps og med ville slektningar av raps. Dermed kan resistensgenet spreie seg i naturen og utgjere ein miljørisiko. Eit fleirtal i Bioteknologirådet (da Bioteknologinemnda) rådde i 2013 til at Noreg forbyr desse rapssortane.

Regjeringa avgjer

Når EU har sagt ja til ein GMO, må Noreg etter EØS-avtalen avgjere om vi skal godkjenne eller forby han. Miljødirektoratet koordinerer prosessen, og Miljødirektoratet, Bioteknologirådet, Mattilsynet og Vitskapskomiteen for mattryggleik vurderer GMO-ane utifrå sine ansvarsområde. Miljødirektoratet tilrår eit vedtak for Klima- og miljødepartementet, og regjeringa avgjer søknaden til slutt.