Publisert: 3. november 2015

Bilde av smilende mann.
Foto: iStock

Kva kan genetisk forsking fortelje om mental helse og om utviklinga av personlegdomen vår?

Kor mykje veit vi om medfødd sårbarheit for psykiske lidingar som psykosar, schizofreni og bipolar liding? Finst det eit gen for ADHD? Eller for å føle lykke? Korleis blir personlegdomstrekk forma av gen og miljø? Og kva tenkjer forskarar om grensa mellom normal variasjon og sjukdom?

Stad: Oslo, Litteraturhuset, Amalie Skram.
Tid: 17. november, kl. 18–20.
Arrangør: Bioteknologirådet.
Ordstyrar: Truls Petersen, seniorrådgivar i Bioteknologirådet.

Panel:

Ole Andreassen, professor i psykiatri, UiO.

Ragnhild Bang Nes, forskar Folkehelseinstituttet.

Elisabeth Toverud Landaas, lege med PhD på ADHD.

Møtet er gratis og ope for alle. NB! (9.11.15): Møtet er fullteikna, men vi har laga ei venteliste.