Publisert: 6. april 2016

Bilde av hengende maiskolber
– Maisen 1507 er laga for å sprøytast med eit sprøytemiddel som er forbode i Noreg og i ferd med å fasast ut i EU på grunn av helse- og miljørisiko, seier leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen. (Illustrasjonsfoto: iStock)

Den genmodifiserte maissorten 1507 innfrir ikkje krava til berekraft i genteknologiloven, meiner leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen.

Miljødirektoratet rår til at Noreg ikkje bør leggje ned forbod mot import og bruk av den genmodifiserte maissorten 1507 i mat og fôr. Når ein GMO er godkjend i EU, skal Noreg vurdere om det skal leggjast ned forbod etter genteknologiloven, eller om det skal vere lov å omsetje produkta i Noreg. Bioteknologirådet er ein av høyringsinstansane for slike vurderingar, og har særleg ansvar for å vurdere om ein GMO bidreg til berekraftig utvikling og er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. Regjeringa skal ta den endelege avgjerda om produkta skal tillatast for sal i Noreg.

Maissorten 1507 er genmodifisert til å tole sprøytemiddel med glufosinat-ammonium. Sprøytemiddel med glufosinat er forbodne i Noreg og skal fasast ut i EU innan 2017 fordi dei er helse- og miljøskadelege. Maisen er òg genmodifisert slik at han lagar gift mot visse skadeinsekt. Bioteknologinemnda (som skifta namn til Bioteknologirådet i 2014) uttalte seg om maisen 1507 og 25 andre genmodifiserte maissortar i 2013.

Fleirtalet konkluderte med at Noreg burde forby maisen, fordi dei meinte at han ikkje bidreg til berekraftig utvikling og ikkje er samfunnsnyttig og etisk forsvarleg. Denne typen sprøytemiddelresistente GMO-ar er laga for å sprøytast med eitt bestemt ugrasmiddel, og det aukar risikoen for at ugraset utviklar resistens mot sprøytemiddelet. Resultatet i dei store produksjonslanda er at det har vorte brukt mindre sprøytemiddel dei første åra, men meir sprøytemiddel etter nokre år.

– Maisen 1507 er laga for å sprøytast med eit sprøytemiddel som er forbode i Noreg og i ferd med å fasast ut i EU på grunn av helse- og miljørisiko. Når ein vurderer berekraft, skal ein bruke eit globalt, langsiktig perspektiv. Eg kan ikkje sjå at ein plante som er laga for å sprøytast med glufosinat-ammonium innfrir krava til berekraft i genteknologiloven, seier leiar i Bioteknologirådet Kristin Halvorsen.

Miljødirektoratet rår òg til at Noreg skal tillate snittblomster frå fire genmodifiserte nelliksortar. Det er i tråd med det Bioteknologirådet har rådd til.

Les Bioteknologinemndas fråsegn frå 2013 om 27 søknader om godkjenning av genmodifisert mais. 

Les Bioteknologirådets fråsegn frå 2016 om dei genmodifiserte nelliksortane.

Les Bioteknologirådets fråsegn frå 2015 om den genmodifiserte maissorten MON810.