Publisert: 7. juni 2016

KH_bredde_web

Styresmaktene bør vurdere om transplantasjon av tarmbakteriar og andre mikroorganismar bør regulerast som ei medisinsk behandling, meiner Bioteknologirådet.

Mikroorganismar som bakteriar og sopp dekkjer mesteparten av overflatene inni og utanpå kroppen vår. Den totale populasjonen av mikroorganismar hos ein person blir kalla mikrobiotaen.

Desse mikroorganismane utfører ei rekkje oppgåver som er viktige for god helse. Nyare forsking viser at mikrobiotaen påverkar helsa vår på komplekse og ikkje alltid kjende måtar, mellom anna når det gjeld overvekt, type 2-diabetes, tarm- og leverkreft, leddgikt, hjarte- og karsjukdommar, astma, irritabel-tarm-syndrom og Crohns sjukdom.

Med denne nye forståinga av kva mikrobiotaen har å seie for helsa vår, har det også komme stadig fleire behandlingsmetodar. Mellom anna har overføring av avføring frå ein frisk donor til ein sjuk mottakar for å etablere ny tarmflora (såkalla fekal mikrobiotatransplantasjon, forkorta FMT) vist seg å ha god effekt for enkelte sjukdommar. FMT fører likevel med seg ein mogleg risiko for å overføre infeksjonssjukdommar som hiv eller salmonella frå donor til mottakar. Verken i Noreg eller i Europa er det enno endeleg avklart korleis ein skal regulere fekal mikrobiotatransplantasjon i lovverket.

Fordi tilgangen til FMT i helsevesenet dei fleste stader er avgrensa, kombinert med det faktumet at prosedyren er relativt enkel, har privatpersonar i fleire land begynt å utføre behandlinga heime. Da må forbrukaren sjølv undersøkje bakgrunnen til donoren.

I ein ny fråsegn tilrår Bioteknologirådet at styresmaktene bør vurdere om ein bør lovregulere medisinsk behandling som er retta mot mikrobiotaen, slik som fekal mikrobiotatransplantasjon.

– Det er gledeleg at denne typen behandling ser ut til å kunne ha eit stort potensial mot fleire ulike sjukdommar. No er det viktig å få på plass eit tydeleg regelverk, av omsyn til pasientar, produsentar og helsevesenet. Vi må unngå ein situasjon som vi har sett i enkelte andre land, der nokre pasientar prøver å gjennomføre slik behandling på seg sjølv, utan fagleg kvalitetssikring, seier Bioteknologirådets leiar Kristin Halvorsen. Ho legg til at Bioteknologirådet gjerne bidreg til vidare konstruktiv diskusjon rundt denne problemstillinga.

Klikk her for å lese heile fråsegna om forsking på og medisinsk behandling av mikrobiotaen.

Les meir om mikrobiotaen i magasinet vårt GENialt: Din bedre, verre halvdel

 

Pressekontakt: Kommunikasjonssjef Hallvard Kvale, tlf. 976 900 76 eller epost hk[at]bioteknologiradet.no.