Publisert: 25. august 2016

Epigenetikk er eit nytt forskingsfelt i rask utvikling der ein forskar på korleis miljøet verkar på gena våre og gir langvarige endringar i arvestoffet. Forsking har vist at desse endringane også kan arvast.

Frukost og foredrag ved Elisabeth Larsen.

Epigenetiske endringar skjer ikkje i sjølve DNA-tråden, men i kjemiske grupper som bind seg til DNA og bestemmer om gena er aktive eller ikkje. Studiar viser at dei kjemiske gruppene som er på arvestoffet, blir påverka av til dømes kosthald, trening og livsførsel. Også smertefulle opplevingar kan gå i arv og påverke neste generasjon. Og om bestemora di røykte, kan det auke risikoen for at du får astma.

Jo meir vi forstår av epigenetikken, desto meir komplisert blir bildet av forholdet mellom arv og miljø, og av korleis kroppen og personlegdomen hos eit individ utviklar seg gjennom livet.

Foredragshaldar Elisabeth Larsen har bakgrunn frå forsking og er i dag seniorrådgjevar i Bioteknologirådet.

Gratis og ope for alle! Frukost frå 8.15. Foredrag startar 8.30.

Tid: Onsdag 9. november kl. 8.15–9.30
Stad: Håndverkeren, Genius (gateplan), Oslo

Generasjonsbilde
Foto: iStock.