Publisert: 2. september 2016

Ei ny rekke frukostforedrag med rapportar frå den bioteknologiske forskingsfronten er klar. Velkommen!

Av Truls Petersen

bilde nettsak frokoster

— Vi visste at folk er interesserte i temaa vi arbeider med. Men at det skulle vere fullt hus på nær alle frukostforedraga i vår, var nesten litt meir enn vi håpa på.

Det fortel Ole Johan Borge, direktør i Bioteknologirådet. No er temaa for frukostane i haust klare.

Første foredrag er 15. september: Om kloning av utrydda dyr.

Nokre klisjear er sanne

«Utviklinga innan bioteknologi går raskt og stiller oss overfor både moglegheiter og utfordringar.» Den som har lese litt om bioteknologi, vil raskt kjenne igjen setninga i sitatet. Men nokre klisjear er sanne.

— Det var den raske utviklinga som var bakgrunnen for ideen om frukostforedrag, fortel Borge.

— Sjølv om det finst ein del omtalar og debatt om bioteknologi, er det mange tema som ikkje er mykje omtalt. Samstundes er det eit felt der ny forsking kan endre dei etiske problemstillingane. Gamle stridsspørsmål kan bli mindre relevante. Heilt nye problemstillingar kjem opp.

Derfor hadde Bioteknologirådet ei stund ønskt å fortelje meir om all forskinga som går føre seg innan bio- og genteknologi.

— Frukostforedraget er eit fint format for ei kjapp innføring i nokre emne ein kan hende aldri har høyrt om, eller som ein vil vite meir om. Ein kjem med friskt hovud, får eit klassisk foredrag av ein ekspert, og så kan alle stille spørsmål frå salen. Gratis mat og kaffe kjem òg godt med!

Alle foredraga blir filma og publiserte på nettsidene og you tube-kanalen til Bioteknologirådet.

Temaa for i haust er klare

I vår hadde vi foredrag om ny forsking på tarmfloraen, ny teknologi for å gjere endringar i gen, stamceller, genetisk rettleiing og syntetisk biologi og om etiske vurderingar av nye, genmodifiserte organismar.

— Også i haust vil det dreie seg om nyheiter vi trur vil prege samfunnsdebatten i tida som kjem, seier Borge.

Første frukost er 15. september. Da snakkar biologen Petter Bøckmann, kjend frå TV, om bruk av kloning for å gjenopplive utrydda dyreartar. Så blir det foredrag om bruk av gen-drivarar for å redusere bestanden av mygg som spreier sjukdom, og om epigenetikk som verkeleg gjer forholdet mellom arv og miljø komplisert. Andre tema er 3D-printing av organ, genterapi mot kreft og bruk av DNA-bevis i politietterforsking.

Alla datoane er ikkje spikra, så direktøren oppmodar alle til å følgje med på facebook og nettsidene til Bioteknologirådet og å abonnere på nyheitsbrev. Der er det også informasjon om andre debattmøte og liknande.

Vi møtest!

Her er lenkar til video frå tidlegare foredrag.