Publisert: 11. oktober 2016

Korleis blir DNA-analysar nytta i etterforsking og i rettssalen? Kva svar får vi eigentleg frå testane — og korleis kan feil oppstå?

Mariam Bouzga jobbar som rettsgenetikar ved Folkehelseinstituttet, som utfører DNA-analysar for politiet i straffesaker. Bouzga har ikkje berre ansvar for å tolke resultata frå DNA-prøvar, ho har óg lang erfaring som sakkunnig vitne i retten. Ho har sett kva moglegheiter, men òg  avgrensingar, som ligg i slike DNA-analysar.

Tid: 12. oktober kl, 8.30—9.30

Stad: Oslo, Håndverkeren, sal Sangerhallen