Publisert: 16. februar 2017

Fleire store overskrifter om bioteknologi prega 2016. Kva hadde dei å seie, og kva kan vi vente i 2017?

2016 var eit år med store bioteknologiske gjennombrot: I dyreforsøk klarte forskarar for første gong å få levande avkom frå egg laga i laboratoriet. Ei anna forskargruppe klarte tilsynelatande å stanse og reversere aldringsprosessen i mus. Og genredigeringsmetoden CRISPR vart stadig meir kjend blant folk flest – både fordi metoden for første gong vart brukt i kliniske forsøk på menneske, og fordi ein svensk forskar serverte det første måltidet med CRISPR-genredigert mat. I tillegg var 2016 eit år med mange omfattande etiske debattar om bioteknologiske tema som eggdonasjon, fosterdiagnostikk og embryoforsking.

På Bioteknologidagen trakk vi fram høgdepunkta frå 2016 og kva vi ventar vil skje i 2017.

Tid: 14. februar 2017

Stad: Sentralen, Oslo