Publisert: 25. oktober 2017

 

Sjå Jon Olav Vik sitt frukostforedrag om den digitale laksen her.

Det jobbast nå med å lage datamodellar av fleire levande organismar. Målet er å kunne vite korleis organismane reagerer på ei endring, før ein testar den på organismen.

«Den digitale laksen» er ei ny storsatsing som har til mål å finne ut kva som hender når laksen et ulike typar fôr. Forskarane vil bygge ei samling digitale modellar av livsprosessane i oppdrettslaksen. Ved hjelp av reknestykke og dataprogram etterliknar dei stoffskiftet, slik at dei kan studere korleis laksen bryt ned fôret og omdannar det til fiskekjøtt og avfallsstoff.

Slike datamodellar skal ikkje berre gi nye og berekraftige typar fôr, men òg begrense bruken av levande dyr i forsøk.

Jon Olav Vik er forskar ved Noregs Miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU) og koordinator for prosjektet DigiSal (The Digital Salmon: From a reactive to a pre-emptive research strategy in aquaculture). Prosjektet er en del av Senter for Digitalt Liv Norge.

Les meir: Artikkel om den digitale laksen i vårt blad, Genialt.

Tid: 25. oktober, kl. 8.30-.9.30
Stad: Oslo, Håndverkeren
Arrangør: Bioteknologirådet