Håvard
Publisert: 31. desember 2020

Netflix-serien Biohackers er noko så sjeldan som ein bioteknologisk thriller. For å demonstrere dei utrulege tinga vi allereie kan gjere, lagra serieskaparane den første episoden i syntetisk DNA.

Det har skjedd ei rivande utvikling i korleis vi oppbevarer informasjon, frå holevegger til kalveskinn og papir. I dag lagrar vi stort sett på datamaskinar, men datalagring har nokre viktige avgrensingar: teknologien blir stadig utdatert og krev mykje plass, energi og sjeldne mineral. Lagring i DNA kan vere løysinga.

Det ein gjer er å kode den digitale informasjonen om til DNA, frå det binære systemet datamaskinar brukar (01) til eit firebokstavsystem (ACGT). DNA-et blir deretter skrive ut av store maskinar som fungerer som DNA-skrivarar, men i staden for papir kjem det ut ein DNA-tråd.

Dr. Robert Grass, professor ved ETH Zurich, bidrog til prosjektet og forklarar til Netflix at DNA teknisk sett berre er eit lagringsmedium, men med ein enorm kapasitet.

– I teorien kan du i eitt gram DNA få plass til 200 exabyte med data – det er 200 millionar terrabyte. 20 gram med DNA er nok til å lagre alle data i heile verda, seier dr. Robert Grass.

Teknologien er førebels svært dyr og har berre blitt brukt til symbolske føremål som å lagre FN sin barnekonvensjon, men etter kvart som prisen går ned, vil en òg bruke dette meir.

Foto: iStock