Håvard
Publisert: 6. april 2021

Genredigerte organismar er ikkje det same som GMO-ar, seier Frankrike. Dermed slår EUs  jordbruksstormakt seg saman med Sverige og Finland om å ynskje endringar i EUs regelverk. Kvifor det?

Bønder over heile verda har alltid prøvd å få mest mogleg ut av avlingar og buskap ved å avle på eigenskapane som gir mest mat tilbake. I landbruket har ein på plantar i nærare hundre år brukt ein metode som heiter mutagenese, for å skape mange tilfeldige mutasjonar i planten sitt DNA.

Prosessen er tidkrevjande, og dei bestrålte plantene må gjennom eit omfattande sorterings- og avlsprogram i etterkant for å finne fram til den planta som har mest av dei eigenskapane ein ynskjer.

GMO – ikkje løysinga?

For å få heilt nye eigenskapar, starta ein på 1980-talet å bruke genmodifisering, der eit stykke DNA blir sett tilfeldig inn i arvematerialet. Den vanlegaste genmodifiseringa i landbruket globalt er soyaplanter som er tilsett framand DNA, altså DNA frå ein anna art, som gjer planta resistent mot plantevernmiddelet Roundup. Dette gir større avlingar, men den aukande bruken av plantevernmiddelet har også negative sider. Ugras kan bli tolerante overfor gift, insekt og mikrobar kan forsvinne, og nokre forskarar meiner at maten blir farlegare å ete etter sprøyting med Roundup. Noreg har alltid sagt nei til dyrking av slike genmodifiserte matplanter, og EUs regelverk er også svært restriktivt. I 2018 konkluderte EU-domstolen med at alle genredigerte organismar skulle regulerast som GMO-ar.

Klippe, reparere og sortere

Men forskarane har halde fram med å leite etter nye måtar å endre arvematerialet på. Dei siste 8 åra har genredigeringsmetoden Crispr segla opp som ein metode med stort potensial. Med genredigering er det mogleg å både mutere plantens arvestoff (som med mutagenese) og å setje inn eit stykke DNA (som med genmodifisering), men på en meir presis måte. Genredigeringsmetodane leitar opp spesifikke sekvensar i arvestoffet for å berre gjere endringar der. Deretter set cellemaskineriet i gang med å reparere DNA-tråden. Det er denne repareringa som avgjer kva endringar som vil skje i cella. Det er mogleg at det oppstår endringar ein ikkje ynskjer, men sidan forskarane på førehand veit kva genetisk endring dei vil ha kan dei identifisere kva celler som kun har den endringa dei ynskjer. Det gjer at det går mykje raskare å utvikle planter som toler for eksempel meir ekstreme vêrforhold. Forskarar ser som regel på risikoen for utilsikta endringar som eit teknisk problem; ved å leite godt nok, meiner dei at ein kan luke vekk cellene der genredigeringa fekk «feil» resultat.

Genredigering med Crispr, gensaksen som klipper i arvematerialet.
Illustrasjonsfoto: iStock

Eigenskapen

Verken EUs regelverk eller den norske genteknologilova skiljer mellom dei klassiske GMO-ane som typisk har DNA frå andre artar og dei mange forskjellige typane endringar ein kan gjere med genredigering. Det betyr at produksjon, frakt, lagring og konsum må godkjennast av styresmaktene. Planta må også merkast som GMO i butikken. Derimot kan ein kornsort som er endra ved hjelp av mutagenese, dyrkast og omsetjast utan slike reguleringar.

Europa – ei genteknologisk bakevje?

Ein artikkel av Jacqueline Martin-Laffon og kollegaer, publisert i Nature Biotechnology i 2019, viste ei kraftig skeivfordeling i kva land som leverte patentsøknader med Crispr. Kina dominerte, med 74 % av alle søknadene som handla om landbruk. USA kom etter med 18 %, og Europa hadde berre 5 %. Dette kan tyde på at det restriktive GMO-regelverket i EU fører til at dei vitskapelege og kommersielle miljøa som er interesserte i genteknologi, ser til andre kontinent.

Ei lagdelt GMO-lov

Frankrikes landbruksminister er ikkje den einaste som er usamd i EU-domstolen si vurdering om at alle genredigerte organismar skal regulerast som GMO-ar. Storbritannia, som ikkje lenger er medlem av EU, har kunngjort at dei vil ha ei offentleg høyring om genredigering i landbruket. Bioteknologirådet publiserte i 2018 ein rapport som tilrådde utgreiing av ei lagdelt GMO-regulering der ein brukar forskjellig regulering avhengig av kor genetisk inngripande endringa er, og eigenskapane hos den genredigerte organismen. I fjor haust sette klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn ned eit utval som skal greie ut genteknologilova og blant anna vurdere ei lagdelt lov.

Uetisk å la vere?

Dansk Etisk Råd har óg tatt til motmæle. Dei seier at med genredigering vil det på få år vere mogleg å utvikle planter som toler ekstremvêr, men med tradisjonelle avlsmetodar vil dette ta tiår. I oppsummeringa av rapporten «GMO i ei ny tid» frå 2019, står det: «… det er tid for en ny debat om genmoficerede planter. Det er endringen af planten, ikke teknikken, som bør være afgørende …».

Fortsatt strid om GMO

Frykten for at GMO-ar skal spre seg i naturen har vore sentral i GMO-debatten. I GENialt 1997 nr.2 kan vi lese eit intervju med miljøveteranen Peter Johan Schei kor han fortel om forskaranes «skrekkscenario» –ein forvilla plante som fortreng dei naturlege plantane. Dette omsynet er sentralt i GMO-lovgivninga. Spørsmålet som reiser seg i dag er kva som står på spel om genredigerte organismer spreier seg i naturen?

Genredigering har blitt vurdert som ein meir moderne variant av genmodifisering, og derfor regulert like strengt både i EU og i Noreg, men no ynskjer stadig fleire å skilje mellom det å endre gen inne i ein organisme og det å setje inn gen frå andre organismar. Foto: iStock