Eirik
Publisert: 17. mars 2022

Levande hjerneceller som veks på laboratoriet kan lære å spele dataspel – og dei lærar raskare enn datamaskiner med kunstig intelligens. I framtida kan levande datamaskiner bli nyttige verktøy.

Ein ball som sprett mellom to bevegelege strekar – dataspelet Pong var ei stor nyhende då det kom i 1972. Og sjølv om det er Playstation 5 og VR-briller som gjeld no, så er det fortidas dataspel forskarane nyttar til å ta nye steg inn i framtida.

Foto: Rob Boudon, CC BY 2.0 via Wikimedia Commons

Minihjernane som forskingssjef Brett Kagan og kollegaene i Cortical Labs dyrkar, har i underkant av ein million hjerneceller, om lag like mange hjerneceller som i ei kakerlakk-hjerne. Men minihjernane er likevel langt frå å vere noko fungerande organ.

På laboratoriet er hjernecellene dyrka oppå mikroelektrodar som både stimulerer og les av cellene si aktivitet. Kobla til dataspelet kan dermed hjernecellene lære seg å spele Pong. Framleis tapar minihjernane både mot menneske og mot datamaskiner med kunstig intelligens, men medan datamaskina treng 5000 omgangar for å lære seg spelet, held det med 15 for minihjernane. Ei slik evne til læring kan ha mange bruksområde, for målet med forskinga er sjølvsagt ikkje å spele data.

Levande datamaskiner kan nyttast til å effektivisere maskinlæring, noko som kan spare energi og datakraft. Minihjernar kan og nyttast til å teste medisinar, for å sjå korleis forskjellige typar medisinar påverkar den kognitive kapasiteten. Det overordna målet til Cortical Labs er å utvikle kunstige hjernar som er meir intelligente enn datamaskiner.

Heldigvis (?) er det eit stykke igjen dit.

Kjelde:
www.newscientist.com/article/2301500-human-brain-cells-in-a-dish-learn-to-play-pongfaster-than-an-ai/