Eirik
Publisert: 1. april 2022

Etter fleire tiår med arbeid er fleire vaksinar mot RS-virus i siste fase av utviklinga. Koronapandemien har både vore til hjelp og til hinder.

Foto: iStock

Bølgjer av sjuke barn med respiratorisk syncytialvirus, også kjend som RS-virus, er eit årleg fenomen. For dei aller fleste gjev viruset ei lett forkjøling, men hjå spedbarn, barn med underliggande sjukdommar og dei aller eldste kan viruset trekke ned i lungene og gje alvorleg sjukdom.

Sidan 60-talet har forskarar jobba med å utvikle ei vaksine mot RS-virus. Forsøk med ei tidleg vaksine viste seg å gjere fleire barn meir alvorleg sjuke enn det viruset sjølv gjorde. Gjennombrotet kom då forskarane lærte korleis eit av viruset sine mest sentrale protein verkar.

På same måte som koronaviruset er avhengig av sitt berømte piggeprotein for å trengje inn i cellene våre, nyttar RS-viruset eit protein som heiter F-protein til den same jobben. Og ved å stabilisere ein type av dette F-proteinet har forskarar no greidd å lage vaksinar som gir antistoff som effektivt hindrar viruspartiklane å trengje inn i cellene.

For å godkjennast må nye vaksinar gjennom kliniske studiar der dei testast på barn ute i samfunnet. Det var vanskeleg under første del av pandemien, då det nesten ikkje var RS-virus til stades i befolkninga grunna smitteverntiltaka. Men pandemien bidrog og positivt til vaksineutviklinga. Koronavaksinane demonstrerte for alle kor raskt og effektivt ei vaksine faktisk kan utviklast, og denne lærdomen gjer at håpet om effektive RS-virusvaksinar er nær ved å oppfyllast.