Publisert: 13. juni 2019

Eit stort fleirtal i Etisk Råd i Danmark meiner det vil vere uetisk å ikkje ta i bruk genmodifiserte planter for å møte klimautfordringane.

Av Sigrid Bratlie

Etisk Råd i Danmark vil ha ein fornya samfunnsdebatt om GMO. Rådet meiner vi ikkje kan avvise tiltak som kan førebyggje eller avgrense konsekvensar av klimaendringar. Foto: iStock.

Men genmodifiserte organismar er eit svært kontroversielt tema i samfunnsdebatten, og det vert ofte stilt spørsmål ved om det er etisk forsvarleg å bruke genteknologi på planter og dyr.

Nyleg la Etisk Råd i Danmark fram ei ny fråsegn der dei snur på saka: Eit stort fleirtal meiner det vil vere uetisk å ikkje ta i bruk genmodifiserte planter dersom dei kan løyse vesentlege samfunnsproblem. Dei legg vekt på fleire moment:

  • at genteknologiane har vorte betre. Særleg CRISPR-metoden gjer at ein langt enklare, raskare og meir presist kan endre gen, òg utan å setje inn nytt genmateriale frå andre artar.
  • at over 20 års forsking viser at det ikkje finst vitskapeleg dekning for å hevde at genmodifisering er meir risikabelt enn konvensjonell foredling.
  • at det no vert utvikla fleire produkt som potensielt kan løyse store samfunnsproblem, mellom anna utfordringar knytte til klimaendringar og biodiversitet.
  • at mykje av utviklinga vert driven av mellom anna universitet og små føretak, og at klassiske GMO-argument som at teknologien uløyseleg er knytt til sprøytemiddel, multinasjonale selskap og patentar derfor ikkje er relevante

Genteknologi for å tilpasse planter til eit klima i endring

Etisk Råd framhever at klimaendringane utgjer ein akutt trugsel mot livsgrunnlaget til både noverande og framtidige menneske, og at vindauget for handling for å unngå temperaturstigningar på over 1,5 ˚C er ganske snevert. Etisk råd meiner at stadig meir taler for at vi står i ein situasjon der vi, om det ikkje finst gode grunnar, ikkje har råd til å avvise tiltak som kan medverke til å førebyggje eller avgrense konsekvensane av klimaendringane.

I drøftingane sine peiker dei på at genteknologiar, som CRISPR, kan medverke både til at planter raskare tilpassar seg til eit klima i endring, og til at klimaendringar vert førebygde gjennom auka karbonbinding og lågare CO2-utslepp. Dette illustrerer dei gjennom to døme som begge dreier seg om å domestisere, eller temje, ville planter med gunstige eigenskapar. Det eine viser korleis forskarar med hjelp av CRISPR klarte å domestisere villtomatar på berre månader i staden for hundreår. Denne er meir robust overfor tørke, skadedyr og sjukdom enn tomatane vi finn i butikken i dag.. Det andre dømet viser korleis forskarar prøver å domestisere fleirårige kornplanter, som til skilnad frå dagens korn ikkje må såast kvart år. Dersom dei lukkast, vil det verte vesentleg mindre behov for jord bearbeiding, sprøyting og andre utsleppsintensive tiltak. I tillegg vert meir CO2 bunden i jorda gjennom eit kraftig rotsystem.

Etisk Råd i Danmark ønskjer lovendringar

Ifølgje fleirtalet er døma på produkt så lovande at det kan vere etisk problematisk å avvise dei. Etisk Råd i Danmark meiner derfor at det er behov for ein fornya samfunnsdebatt om GMO. Dei meiner òg det bør gjerast endringar i lovverket for å unngå at det vert lagt urimelege hindringar i vegen for å utvikle nye produkt. Dei meiner ei risikovurdering utelukkande bør gjerast på bakgrunn av eigenskapane til organismen, utan omsyn til kva metode som har vorte brukt i framstillinga.

Fleirtalet i det norske Bioteknologirådet drøfta òg eit slikt system i si fråsegn frå 2018, men konkluderte med at det var lite truleg at det lét seg gjennomføre innanfor rammene av det teknologibaserte regelverket i EU. Fleirtalet i Bioteknologirådet tilrådde heller eit nivådelt godkjenningssystem.

Mindretalet på éin rådsmedlem i Etisk Råd Danmark meiner likevel genmodifisering i seg sjølv er etisk uakseptabelt, fordi det vil medverke til å forsterke problema vi har skapt heller enn å løyse dei. Medlemmen ønskjer å behalde dagens regelverk.

Korleis fråsegna vert motteken av det danske folket, vert spennande å sjå.