Publisert: 22. mars 2019

Er du lei av tomatar med lite smak? Nå bruker forskarar CRISPR for å hente tilbake tapte eigenskapar som smak og høgt næringsinnhald. Genteknologien forkortar vegen frå villtomat til nyttevekst med fleire hundreår.

Av Sigrid Bratlie

Mens det vanlegvis har tatt hundreår å selektere ut og foredle dei eigenskapane vi ønsker i ein plante, klarte forskarar nyleg på berre månader å «temje» smakfulle og næringsrike villtomatar ved å gi dei gunstige produksjonseigenskapar, såkalla domestisering. Med genredigering treng vi ikkje lenger basere oss på slump, flaks og lang ventetid. Blir teknologien ein del av korleis vi i framtida kan produsere mat?

Tomatane vi kjøper i butikken, er svært forskjellige frå dei ville forfedrane. Med genredigering er det mogeleg å hente tilbake tapte eigenskapar. Foto: Shutterstock

Supertomat med CRISPR

Tomat er ein av verdas mest etne matplantar. På verdsbasis blir det kvart år produsert over 100 millionar tonn tomatar, og berre i Noreg er omsetningsverdien på over ein milliard kroner i året. Tomatane vi kjøper i butikken, er svært forskjellige frå dei ville forfedrane. Frå å vere eit uregjerleg buskas med små bær, som opphavleg blei importert til Europa som prydplante, har målretta avl gitt ein lett dyrkbar plante med store frukter. Men på vegen har tomatane mista mykje næringsinnhald, smak og andre eigenskapar som ikkje er avgjerande for produksjon.

No har fleire forskingsgrupper vist at ein ved hjelp av CRISPR, ein genredigeringsmetode som gjer det mogleg å lage målretta endringar i DNA-et til alle levande organismar, berre på nokre månader kan domestisere ein villtomat. Dei viktigaste eigenskapane for produksjon blir nemleg styrte av eit avgrensa tal gen som vi har ganske mykje kunnskap om frå før. I den eine studien endra forskarane på eit gen som gjorde plantestrukturen mindre uregjerleg og dermed enklare å dyrke. Ei anna genetisk endring gav meir avlange tomatfrukter, som er mindre tilbøyelege til å sprekke når det regnar. Planten har dessutan tre gonger så store og ti gonger så mange tomatfrukter som dei ville forfedrane hans. Innhaldet av lykopen, eit stoff som blant anna reduserer risikoen for hjartesjukdom og kreft, er auka til omtrent det femdobbelte av det vanlege butikktomatar har. Alt i alt endra forskarane seks gen – samtidig. Analysane viste òg at det ikkje hadde skjedd nokon utilsikta endringar andre stader i DNA-et.

To andre forskargrupper brukte CRISPR på liknande vis for å gjere tomaten meir motstandsdyktig mot sjukdom, meir velsmakande og rikare på C-vitamin. Dette er alle eigenskapar som finst i villtomat.

«Alt i alt endra forskarane seks gen – samtidig.»

Framtidas mat?

Verdas jordbruk står overfor store utfordringar. Forskarar og industri jobbar på spreng for å avle fram meir høgtytande plantar med høgt næringsinnhald som gjer at vi kan dyrke meir mat på mindre areal til ei raskt aukande befolkning. Som følge av klimaendringane treng vi òg plantar som er betre rusta mot blant anna ustabile temperaturar, fukt, tørke og insektangrep. Ein nylig publisert forskingsartikkel viste at viktige matplantar som ris og kveite er i ferd med å bli meir næringsfattige som følge av klimaendringane. Det er ein debatt på gang om vi bør utnytte genteknologi i matproduksjon. Tilhengarane meiner vi med genredigering raskare kan tilpasse matplantane våre og domestisere og dyrke fleire ville plantesortar. Kritikarane meiner det er vanskeleg å få oversikt over kva konsekvensar det vil ha for miljøet dersom vi tek i bruk genteknologi i stor skala, og at vi derfor bør vere restriktive. Debatten om genmodifisert mat kjem ikkje til å bli mindre viktig i tida som kjem, enn det han allereie er.