Publisert: 28. september 2018

Giftstoff som finst naturleg i ein av Afrikas viktigaste matplantar, skapar store helseproblem for nokre av verdas fattigaste. No kan forskarar kanskje løyse problemet ved hjelp av CRISPR.

Av Sigrid Bratlie

Dette er ein av verdas første genredigerte kassavaplanter. Ved hjelp av CRISPR er gena som produserer giftstoffet hydrogencyanid, blåsyre, øydelagde. Foto: Kevin Doxzen, Innovative Genomics Institute.

Matplanten kassava utgir ein viktig del av næringsgrunnlaget for meir enn 600 millionar menneske. Afrikanske småbønder sør for Sahara står for over halvparten av verdas kassavaproduksjon. Planten er populær fordi den har store røter fulle av karbohydrat. I tillegg kan den dyrkast i relativt næringsfattig jord, og er meir motstandsdyktig mot tørke enn mange andre matplanter.

Kan gi nerveskader

Det er likevel eit vesentleg problem med kassava; den inneheld giftstoffet hydrogencyanid, betre kjent som blåsyre. Innhaldet av blåsyre vernar fleire kassavavariantar mot insektåtak og virussjukdom. Samtidig kan inntak av kassava som ikkje er varmebehandla, eller andre former for prosessering, føre til konzo. Sjukdommen, med årsak i nerveskader, gjer folk lamme. I verste fall kan ein miste all evne til å røre beina, få synsendringar og vanskar med å svelge.

Konzo er vanlegast blant fattige som har eit einsidig kosthald med mykje kassava, og sjukdommen rammar særleg barn og unge kvinner. Flest tilfelle blir det når mattryggleiken blir dårlegare, for eksempel når avlingane sviktar fordi folk under slike tilhøve oftare er mindre nøye med prosesseringa. Under ein alvorleg tørkeperiode i Mosambik i 1981 blei det dokumentert over tusen tilfelle av konzo. Det finst inga behandling for sjukdommen. No kan forskarar likevel ha funne ei løysing på problemet: CRISPR.

Mindre gift med CRISPR

I eit laboratorium ved The Innovative Genomics Institute (IGI) i California veks bittesmå grøne stenglar i glaskrukker i ein inkubator. Desse er nokre av verdas første genredigerte kassavaplantar. Ved hjelp av CRISPR har forskarar øydelagt gena som produserer hydrogencyanid. No ventar dei på at røtene skal vekse seg store nok til å testast for at gifta er borte, slik dei håper. Dersom forsøket er vellykka, er neste steg å gjere det same med fleire kassavavariantar som blir dyrka av småbønder i ulike regionar.

Kassava er ei viktig kjelde til næring i mange fattige land, som her frå Madagaskar. Utan rett handsaming kan imidlertid kassava gi nerveskader. Foto: iStock.

Forsøkt tidlegare med GMO

Dette er ikkje første gong genteknologi blir brukt på kassava. Klassisk genmodifisering, der nytt DNA blir sett inn i arvestoffet, har tidlegare blitt prøvd for ulike formål, som auka haldbarheit og virusresistens. Forskarar har til og med redusert nivået av hydrogencyanid med 92 prosent ved å sette inn DNA som motverkar produksjonen av giftstoffet. Trass lovande resultat og pågåande feltforsøk i fleire afrikanske land er framleis ingen GMO-kassava godkjent for dyrking. Eit spørsmål er om bøndene ynskjer slik kassava viss den blir meir utsett for insektsåtak når giftstoffa er redigert bort. Dessutan er det bekymring for at GMO skal vere skadeleg for helse eller miljø. Ei anna utfordring er det kronglete byråkratiet for godkjenning av GMO. Med CRISPR-kassava kan situasjonen bli annleis.

CRISPR-kassava ikkje GMO?

Over heile verda blir det no diskutert korleis genredigerte organismar skal bli regulert. I fleire land, deriblant USA, har styresmaktene konkludert med at det ikkje skal reknast som GMO dersom det ikkje er sett inn nytt DNA. EU har gått motsett veg, og avgjort at genredigering skal regulerast som GMO. Andre stader, mellom anna i mange afrikanske land, er den juridiske statusen til genredigerte organismar framleis uklar. No er det opp til afrikanske myndigheiter og deira befolkning å avgjere vegen vidare for genredigerte organismar på afrikansk grunn.