Publisert: 7. juni 2018

Avlsmonopol og internasjonale avtalar – ei tvangstrøye for planteforedling?

Av Åsmund Bjørnstad, professor ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet

For å avle fram planter som taklar utfordringar som klima og plante- sjukdommar, er tilgang til gen viktig. Foto: iStock.

I 1918 vende ein fransk gartnar heim frå krigen og såg fram til å lansere den nye eplesorten sin, men så var den alt på marknaden. Først i 1961 fekk foredlarar einerett på sal av nye sortar, mot at andre fekk bruke dei i kryssing, og bønder formeire til eige bruk (UPOV-konvensjonen). Vernet skapte ein stadig straum av betre sortar og ei høg verdiskaping.

Parallelt vart patent på plantesortar, dyrerasar og vesentleg (i hovudsak) biologiske prosessar forbodne i den europeiske patentkonvensjonen (EPC). I 1993 blei forbodet med i WTOs TRIPS-avtale om immaterielle rettar.

Grunnane er fleire. Patent forbyr nemleg kryssing og formeiring utan kontrakt. Andre foredlarar treng lisens, ikkje berre for tilgang til sorten (genotypen), men til grunnressursen, gena. Næringa ynskte ikkje dette. Dessutan sat krig og matmangel enno i minnet i 1961. Patent på mat (liksom medisinar) var politisk umogleg, fordi dei kan fordyre livsviktige varer i krisetider. Mange land tenkjer med god grunn stadig slik.

USA, EU og bioteknologi

I USA var utviklinga heilt annleis. Alt i 1930 vart patent på plantesortar tillate i vegetativt formerte vekstar – men ikkje potet, som var mat. I 1970 vedtok USA eit system a la UPOV, for alle vekstar.

Inn kom bioteknologien, med nye aktørar frå kjemisk/farmasøytisk industri som var vane med patent. USA tillet i 1980 «patent på liv», i 1985 på gen, i 2001 på plantesortar. Dette førte, steg for steg, til press også i Europa. Det Europeiske Patentverket EPO nærma seg av konkurranseomsyn raskt amerikansk praksis, UPOV oppheva patentforbodet i 1991, og omsider, etter mykje strid, gav EU i Patentdirektivet (1998) dei gamle forboda nye tolkingar. Dette vart norsk patentlov i 2005, med dissens frå dåverande statsminister Kjell Magne Bondevik og tillegg om at vår patentpraksis skal vera «restriktiv». Stortinget bad om evaluering av dette i 2008. Etter ein høyringsrunde om eit nytt lovutkast i 2012, har saka lege i Nærings- og fiskeridepartementet.

I Europa er sortar og metodar allmenningar. EU «nytolka» derfor allmenningen og gjorde den mindre. Ordet «plantesort» vart avgrensa til ein viss namngjeven sort. Ei plante med eit patentert gen er derimot patenterbar, berre den ikkje er ein ‘sort’. Og finst genet i fleire sortar, dvs.« ikke teknisk begrenset til en bestemt plantesort, vil patentet omfatte alle sortane som gruppe».

Ta som eit tenkt eksempel den nye norske kveitesorten ‘Mirakel’. Genet Grain protein content (Gpc1) gir den meir protein og betre bakeevne (pluss meir jern og sink). Den er derfor blitt vår hovudsort. Om Gpc1 hadde vore patentert, ville ikkje patentet omfatta bare ‘Mirakel’, fordi den er ein sort etter UPOV-reglane. Men fordi mange (utanlandske) sortar også har genet, vil patentet omfatte alle, også ‘Mirakel’. Resultat: genet er fjerna frå allmenningen, trass i at genet har levd umerka i norske avlsmaterial i 100 år.

Strid om brokkoli og tomat

Så den andre allmenningen – metodar som er essensielt biologiske. To patent i brokkoli og tomat førte til årelang strid. EPO hevda at om planter er produserte med frie metodar, ikkje hindrar å patentere avkoma. Dessutan gjaldt begge patenta naturlege eigenskapar som høgare tørrstoffinnhald i tomat. Slike patent hindrar konkurranse, sa såvareindustrien. Etter år med strid – til slutt instruert av EUs Ministerråd – måtte EPO i 2017 erklære patenta ugyldige.

Kvifor så sterke kjensler? I ei tid då naturen set grenser for menneskets dominans, finn mange det noko støytande over å kalle seg «oppfinnar» av ein viss plante. Dessutan gjeld det kontrollen med matproduksjonen. Dei tre store (Monsanto+Bayer, DuPont+Dow, Syngenta +ChemChina) har i dag minst 2/3 av frøsektoren.

I den nye norske kveitesorten ‘Mirakel’ gjer genet Gpc1 meir protein og betre bakeevne. Foto: iStock.

Patent eller privat?

I USA er tendensen nå private avlsmaterial, Proprietary germplasm, dvs. hemmeleghald. Foredlingsfirma behøver ikkje patent, for sortane er berre å få på lisens, slik det lenge har vore i til dømes fjørfe. Avlsmaterial vert ulovleg å røre, også til grunnforsking. Amerikanske forskarar får ikkje sjekke om gen dei har levert ut fritt, er i bruk i sortane.

I Europa er det ein politisk tendens for opnare tilgang. Fire EU-land tillét fri bruk av patent, men lisens først når ein marknadsfører ein ny sort (det norske lovutkastet har dette med). Industrien finn ut at patenta er uproduktive hinder. Når talet aukar fort og gjerda er utydelege, gror det opp «patentkratt» og kostbare tvistar. Syngenta opna i 2012 for e-lisensar til faste takstar, med mottoet «Fri tilgang, men ikkje gratis». Det kan vere starten på å gjera patenta om frå vegsperrer til bomstasjonar, noko som kan vise seg å gi langt betre resultat både for patenteigar og samfunnet.

«Skal vi få tilpassa sortar raskt i møte med trugsmål som klima og rust, må tilgangen til gen bli halden oppe.»

Frå allmenning til bilaterale avtalar

Men utanfor lurar andre hinder – Konvensjonen om Biologisk Mangfald, som definerer alt biomangfald som nasjonal eigedom. Liksom for patent, krev tilgang ein tosidig avtale. Konvensjonens Nagoyaprotokoll prøver å balansere tilgang med rettferdig og gjensidig nytte, men innser at kulturvekstar er annleis. Dei fleste land får nemleg det meste av maten sin frå planter henta i andre land for tusenvis av år sidan, og frø finst i internasjonale genbankar. Difor kom den Internasjonale Plantetraktaten til i 2004, med gjensidig tilgang til frø i dei fleste viktige jordbruksvekstane, på vilkår av at tilgangen til gena i dei blir respektert.

Eit aktuelt eksempel: nye rasar av rustsoppar treng ingen pass over landegrensene, og utprøving og utveksling av resistente frø har stort sett fungert. Rusten viser at Biomangfaldkonvensjonens prinsipp om gjensidig og rettferdig nytte kjem gjennom effektiv tilgang og felles forsvar, framfor kontraktar frå gen til gen.

Både i kveite og ris fungerer stadig allmenningen frå den Grøne Revolusjonen, der tilgangen var heilt fri. Problemet er at mange land som då drog nytte av allmenningen, no satsar på bilaterale avtaler.

Mellom private avlsmaterial, tosidige avtalar om patent eller «nasjonal eigedom» blir planteforedlingas handlingsrom stadig strammare. Skal vi få tilpassa sortar raskt i møte med trugsmål som klima og rust, er det viktig at tilgangen til gen blir halden oppe.

Kva er eit patent?
Eit visst territorium (her bioteknologi) blir opna for landnåm. Ein som finn nytt land, vil gjerde inn mest mogleg, med einerett i 20 år. Ei styresmakt granskar om oppfinninga er nyskapande og nyttig, dvs. patenterbar, og kvar gjerdet skal gå. Det må vere tydeleg teikna for å unngå konfliktar og ikkje krenke allmenningar, dvs. «fellesinteressa».