Publisert: 12. september 2017

Sander Sørbø (19) har teke med seg interessa for biologi både til kontoret til helseministeren og opp på olympisk nivå.

Av Hallvard Kvale

– Det kjennest veldig bra, seier Sander Tennefoss Sørbø om å vere den beste biologieleven i Noreg. Foto: Elina Melteig, IBV/UiO.

Ein kan jo saktens spørje seg: Korleis er det eigentleg å vere den beste biologieleven i Noreg?

– Det kjennest veldig bra, fortel Sander Tennefoss Sørbø, sjølv om han understrekar at det først er når han i framtida får brukt kunnskapane sine i yrkeslivet, at han verkeleg kan oppnå noko.

Etter å ha vunne den norske biologiolympiaden i vår var Sander éin av fire norske deltakarar under den internasjonale olympiaden i Coventry i Storbritannia i sommar. Her fekk han både teoretiske prøver og praktiske oppgåver – som å førebu og utføre blodanalysar og å dissekere ein larve. Resultatet blei diplomet «heiderleg omtale» i kamp mot nokre av dei skarpaste unge biologihjernane i verda.

Viktige stemmer

Allereie for to år sidan blei Sander lagd merke til i eit prosjekt frå Bioteknologirådet som fekk namnet Ungdommens bioteknologiråd. Der ytra meir enn tusen skuleelevar meininga si om korleis lovverket for bioteknologi bør vere i framtida. Som éin av sju elevar fekk han møte helse og omsorgsminister Bent Høie for å presentere synspunkta til ungdommane. Han hugsar framleis spenninga då ministeren kom inn i rommet.

– Der følte eg at våre stemmer, ungdommen sine stemmer, blei sett på som verdifulle og viktige. Dette var kanskje den viktigaste lærdommen min frå rådet: Alle perspektiv i ei problemstilling har ein verdi, uansett livserfaring, kunnskap eller kven du er som menneske.

Tidleg start

Interessa for biologi og bioteknologi starta med ei misforståing: Far til Sander var sjukepleiar i Haugesund, men som liten trudde Sander at han var lege. Han ville bli det same som faren, og før misforståinga blei oppklart, hadde foreldra bygd opp under legedraumen med bøker om menneskekroppen og gjenstandar frå sjukehuset.

– Fysikk, kjemi og andre realfag gjev oss menneske kunnskap til å danne eigne løysingar frå botnen av. Likevel kan det ofte vere greitt å ta ein kikk på løysingane til naturen på dei same problema, ettersom desse ofte er utvikla og perfeksjonerte over mange millionar år, seier Sander.

Leiar i Bioteknologirådet?

Etter å ha fullført vidaregåande skule denne våren kom Sander rett inn på medisinstudiet ved Universitetet i Bergen. Han ser for seg ei framtid innanfor forsking, men ønskjer å lære meir om dei ulike moglegheitene i yrket før han bestemmer seg. Med erfaring frå Ungdommens bioteknologiråd og biologi på olympisk nivå ser han heller ikkje vekk frå at han kan la seg freiste av oppgåva som leiar for Bioteknologirådet i framtida, dersom nokon skulle spørje.

– Eg trur at forsking og framsteg på dette området kjem til å få mykje å seie og spele ei større rolle i framtida, og denne utviklinga kjem eg nok til å engasjere meg i. Å bli leiar i Bioteknologirådet er ikkje eit mål eg tenkjer på akkurat no, men eg ser absolutt ikkje vekk frå det, smiler Sander Sørbø.