Ole
Publisert: 1. juni 2022

Russland sin invasjon av Ukraina, ein av Europas viktigaste produsentar av solsikke, soya, mais og kveite, har vidtrekkande konsekvensar. No påverkar invasjonen òg diskusjonen rundt bruk av genmodifiserte organismar (GMO) og produkt laga med GMO-ar i norsk land- og havbruk.

I kor stor grad skal vi menneske gripe inn i og forandre på arvematerialet til dyr og plantar rundt oss? Og kva risikoar er det for helse og miljø viss vi bruker genmodifisering for å gjere slike endringar?

Debatten rundt bruk av genmodifisering i matproduksjon har i Noreg handla om føre var-prinsippet relatert til nettopp risiko for helse og miljø, berekraft, etikk og samfunnsnytte. I den norske genteknologiloven, som regulerer dei levande GMO-ane, står det at formålet med loven er «å sikre at framstilling og bruk av genmodifiserte organismar (…) skjer på ein etisk og samfunnsmessig forsvarleg måte, i samsvar med prinsippet om berekraftig utvikling og utan helse- og miljømessige skadeverknadar.» Den norske matloven regulerer bruk av det som kallast døde GMO-ar, som til dømes genmodifisert soya som er måla opp til mjøl.

Det er i dag ingen godkjende mat- eller fôr-GMO-ar i Noreg, verken levande organismar eller døde. Samtidig er mange av ingrediensane i dyrefôret som norsk oppdrettsfisk og norske buskapar et, importert. Til dømes kjem over 90 prosent av ingrediensane i fiskefôret norsk oppdrettslaks et frå utlandet. Norsk matproduksjon er derfor heilt avhengig av å få tak i nok GMO-frie fôringrediensar frå andre land. Det er ei utfordring, når 80-90 prosent av produksjonen i verda av soyamjøl, den viktigaste proteinkjelda, er laga med genmodifisert soya.

Etikk er ikkje eit enkelt reknestykke som alltid gir det same svaret, men er ei vurdering som heile tida endrar seg i takt med verda rundt oss.

Men korleis blir vurderingar av GMO i Noreg påverka av det som skjer i verda rundt oss? Krigen i Ukraina er ein faktor som speler inn, og vil føre til mindre tilgang på GMO-frie fôrråvarer globalt. Klimaendringane, etterverknadar av koronapandemien og høge energiprisar som også aukar prisen på kunstgjødsel, er nokre av dei andre faktorane.

Etikk er ikkje eit enkelt reknestykke som alltid gir det same svaret, men er ei vurdering som heile tida endrar seg i takt med verda rundt oss. Korleis påverkar det dei etiske vurderingane våre når vi på den eine sida av reknestykket no må leggje til faren for nødslakt i norsk fiskemerdar og i landbruket, viss det ikkje er mogleg å få tak i nok GMO-frie dyrefôringrediensar? Vil bruk av GMO bli vurdert annleis i dagens situasjon, enn det blei for berre nokre månadar sidan?

Og korleis vil dette, på lengre sikt, påverke norske haldningar til bruk av genmodifisering i havbruk og landbruk i Noreg, både når det gjeld import av døde GMO-ar og mogleg bruk av genmodifisering eller genredigering i Noreg?

Krigen i Ukraina påverkar dei etiske vurderingane akkurat no. Det vi veit om korleis klimaendringane vil påverke matproduksjon i verda, vil påverke etikken i lang tid framover.

Bioteknologirådet har i vår jobba med korleis ein skal operasjonalisere etikk-vurderingar av GMO-søknadar slik norsk lovverk krev. Korleis kan vi gjere ei effektiv og systematisk etikk-vurdering på ein måte som tek omsyn til dei til ein kvar tid relevante faktorane, og som samtidig vurderer søknadane på like vilkår?

Bioteknologirådet ønskjer å fokusere på fire hovudprinsipp i ei slik vurdering:

• Ikkje-skade: Har GMO-en helse- eller miljømessige skadeverknadar?

• Nytte: Er det nyttig for samfunnet at ein godkjenner bruk av GMO-en?

• Rettferdig fordeling: I kva grad vil godkjenning av ein GMO verkje inn på fordelinga av godar og byrdar, både i Noreg og globalt?

• Ansvarleg forvalting: Er GMO-en foreinleg med god forvalting av naturen og tek den vare på individ og artar sin ibuande integritet?

For å sikre effektiv og lik vurdering av søknadar, må prosessen vere enkel nok til at den skal fungere i praksis. Det er ei utfordring når ein skal setje etikkvurderingar inn i eit juridisk rammeverk, i ei verd som forandrar seg.

Ole Frithjof Norheim, leder i Bioteknologirådet.