Eirik
Publisert: 23. februar 2023

Kvinner som ønsker å bli eggdonor må vere 25 år eller eldre, medan det for menn som ønsker å donere sæd held å vere 18 år. Kvifor er det slik?

– Eg er 21 år og har eit ønske om å bli eggdonor. I over eit år har eg lese meg opp og tenkt på saka, og eg skulle så veldig ønske at eg kunne bidra. Kva er grunngivinga for at nedre aldersgrense for eggdonasjon er 25 år?

Hausten 2022 tok 21 år gamle Herbjørg Lind kontakt med Bioteknologirådet sitt sekretariat med ein førespurnad om kvifor Bioteknologilova har ulike aldersgrenser for donasjon av egg- og sædceller. I lova er nedre aldersgrense for å bli eggdonor 25 år, medan nedre aldersgrense for sæddonor er 18 år. Riktig nok er tilråda aldersgrense for menn som ønsker å gi sæd 25 år, men her opnar ei forskrift for unntak, slik at ein mann på same alder som Lind kan få donere sæd.

– Er det er mogleg å endre grensene, slik at donasjon av eggceller og sædceller har den same aldersgrensa?
Herbjørg Lind har etter mykje lesing har kome fram til at ho ønsker å donere egg til kvinner som ikkje kan bruke eigne egg, men fann så ut at kvinner ikkje får bli donor før dei er 25 år gamle. Foto: Adrian Øhrn Johansen

Ulik prosedyre

Det er nokre openberre forskjellar i korleis kvinner og menn donerer sine kjønnsceller. For mannen inneber prosedyren vanlegvis lite fysisk ubehag (snarare tvert om), ingen behov for assistanse og lite behov for utstyr. Sæden leverast rett i koppen som så kan handsamast på laboratoriet. For ei kvinne er det meir omfattande. For at eggcellene skal modnast må kroppen først stimulerast med hormon. Ved hjelp av ultralyd følgjer en så med på eggmodninga og bestemmer når eit tilstrekkeleg antal egg er klare til å hentast ut. Sjølve egguttaket skjer ved at ei tynn nål førast gjennom skjedeveggen og inn i  eggstokkane, der dei modne egga sugast ut. Smertestillande tablettar og lokalbedøving er vanleg.

– Det finnast ingen medisinske grunnar knytt til sjølve fertilitetsbehandlinga som tilseier at det burde vere ulike nedre aldersgrenser for kvinner og menn. Kanskje er det sjølve prosedyren, som er ei mykje større påkjenning for kvinner enn menn, som spelar inn? For begge kjønn skal det vere svært godt gjennomtenkte val, og val som også ofte bør involvera familie og partnarar, seier Eline Bragedatter Seljeflot, overlege ved fertilitetsseksjonen på St. Olavs hospital i Trondheim.

Eline Bragedatter Seljeflot, overlege ved fertilitetsseksjonen St.Olavs hospital. Foto: Privat

Seljeflot påpeikar at det er gode medisinske grunnar for at øvre aldersgrense for donasjon er ulik for kvinner og menn, då høgare alder hjå kvinna aukar risikoen for kromosomfeil og andre tilstandar både i svangerskapet og hos dei fødde.

Politiske avvegingar

– At nedre aldersgrense for eggdonasjon enda på 25 år var eit resultat av politiske avvegingar, seier Tuva Moflag, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet og ein av pådrivarane for endringane i bioteknologilova våren 2020.

Moflag fortel at det var eit stort arbeid å kome til semje om alle lovendringane.

– Det vart lagd ned mykje arbeid for å sikre fleirtal for eggdonasjon, spesielt i SV var det fleire som var skeptisk. Når vi mot slutten av prosessen kom inn på spørsmålet om aldersgrense så ville vi ikkje opne for ein ny diskusjon.

Tuva Moflag, stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet. Foto: Stortinget

Moflag, som no sit i Arbeids- og sosialkomitéen, seier ho gjerne ser at andre løftar problemstillinga om aldersgrensa for eggdonasjon.

– Eg synes det er gode grunnar til å sjå på ei endring og harmonisering av aldersgrensene for donasjon. Kanskje ligg svaret ein stad midt i mellom, for både kvinner og menn? Ei endring bør bygge på gode faglege vurderingar, seier Moflag.

Nyre, men ikkje egg

Ein som er kritisk til forskjellsbehandlinga av kvinner og menn er Aslak Syse, lege og professor i rettsvitskap ved Universitetet i Oslo.

– Helselovgivinga har ei rekke ulike aldersgrenser. Ei hovudgrense går ved 16 år for å kunne samtykke til eller nekte å ta i mot helsehjelp. Den aldersgrensa kallas difor gjerne den helserettslege myndigheitsalderen, sier Syse.

For visse inngripande prosedyrar, som det å donere ei nyre, er aldersgrensa satt til 18 år. Det same gjeld for kosmetiske inngrep, injeksjonar eller behandling utan medisinsk eller odontologisk grunngjeving. Det høgste aldersgrensa er satt til 25 år. Denne gjeld for å kunne be om sterilisering. Også før fylte 25 år kan det gjennomførast steriliseringsinngrep, men då skal det skje med tilvising til konkrete lovheimlar og desse avgjerslene er lagt til ei eigen nemnd.

Aslak Syse, lege og professor i rettsvitskap, Universitetet i Oslo. Foto: Universitetet i Oslo

– Ikkje i nokon av helselovane er det innførd ulik aldersgrense for kvinner og menn, slik det er vedtatt for kjønnscelledonering. Det å donere ei nyre inneberer nok eit vel så stort kroppsleg inngrep som eggdonasjon, og det er difor alt i alt vanskeleg å grunngje denne ulike aldersgrensa for sæd- og eggdonor, seier Syse.

Når GENialt spør om rundskrivet for sæddonasjon som spesifiserer at sæddonor helst bør vere over 25 år kompenserer for dei ulike aldersgrensene i bioteknologilova, er Syse klar.

– Etter mitt syn er det påfallande at det i Helsedirektoratet sitt rundskriv står at «Sæddonor skal vere over 18 år, og bør vere over 25 år.» Lova si ordlyd er klar. Grensa er satt til 18 år. Det verker som om ein i rundskrivet freistar å tilpasse regelverket for sæddonasjon til det for eggdonasjon. Skulle det vere eit medisinsk grunnlag for denne tilrådinga, burde den framkome.

Mistanken bekrefta

– Det som har kome fram stadfestar vel eigentleg det eg allereie mistenkte, at grensa vart satt tilnærma tilfeldig, seier Herbjørg Lind.

Lind peikar på dei lange ventelistene for eggdonasjon, der mangel på eggdonorar er eit av problema. Ho spør seg no om ikkje det er mogleg å endre grensene, slik at donasjon av eggceller og sædceller har den same aldersgrensa.

– Eg kan forstå at det ligg mykje arbeid bak nye lovforslag, men eg tenker likevel at ein ikkje burde vedta lovar som ikkje er godt nok gjennomarbeida. At nokon har synsa seg fram til ei aldersgrense som dei tenkte var passande er for dårleg, seier Lind.