Frokostmøte: Global helse og bioteknologi

6. mars 2024

Sted: Litteraturhuset, sal Olav H. Hauge – Bergen

Tidspunkt: 08.30 - 09.15

Tenk deg å kunne kurere sjukdom, utrydde parasittar og sjukdomsberande insekt, og å kunne dyrke meir mat til ei veksande verdsbefolkning. Med kunnskap om genetikk og korleis ein kan endre gen i både menneske, plantar og dyr kan bioteknologi revolusjonere helse i heile verda. Men er ny teknologi riktig medisin i ei verd med ei grunnleggande urettvis fordeling av helse, ressursar og levekår?

Seniorrådgjevar Eirik Joakim Tranvåg er utdanna lege og har sin doktorgrad i medisinsk etikk frå Institutt for global helse og samfunnsmedisin ved Universitetet i Bergen.