Publisert: 26. februar 2024

Er bioteknologilova framleis i tråd med norske verdiar, med samfunnsutviklinga? Ligg vi etter forskingsutviklinga på bioteknologi og genteknologi?

Marianne Aasen, leiar i Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Det er spørsmål Bioteknologirådet skal vurdere når vi no skal evaluere bioteknologilova, ei lov som omhandlar mange betente spørsmål i samfunnsdebatten. I dag er det denne lova som seier kven som skal få assistert befruktning og kva metodar som er godtekne, ho regulerer bruken av preimplantasjonsdiagnostikk (der ein analyserer genmaterialet frå befrukta egg for å unngå kjent, arveleg sjukdom), lova regulerer forsking på befrukta egg, kloning, fosterdiagnostikk, bruk av fostervev og dessutan genetiske undersøkingar og genterapi.

Nokre av reguleringane er det brei semje om, som at det ikkje skal vere lov å klone menneske. Andre, som forbodet mot surrogati, er det meir diskusjon rundt. Men ein diskusjon av lova dreier seg ikkje berre om kva som står der, men også kva som ikkje står der. Det mest opplagde er når bioteknologisk forsking har gjort nye framsteg, som forsking på embryomodellar, som i dag ikkje er regulert i lova. Men det kan også vere knytt til nye moment som har kome til etter tidlegare lovendringar. Eksempelvis fekk vi eit donorregister i fjor som vi skal vurdere om ikkje også bør kunne brukast til å la halvsøsken frå same sæddonor finne kvarandre om begge partar ønskjer det.

Tidlegare endringar i lova kan også føre til at vi må vurdere lovverket på nytt. I 2020 blei det tillate for alle gravide å få genetisk fosterdiagnostikk. Sidan den gong har gravide nytta seg av tidleg ultralyd og NIPT, som kan finne ut om det er auka risiko for at fosteret har eit av tre kromosomavvik. Nyleg blei det lagt fram eit forslag til ny abortlov, der fleirtalet i abortutvalet ønskjer å flytte grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker. Kva betyr kombinasjonen av ei mogeleg ny abortgrense og at alle gravide blir tilbydd fosterdiagnostikk? Og korleis vil nye mogelegheiter innan fosterdiagnostikk, drive vidare av stadig forsking på genetikk, påverke korleis vi bør regulere fosterdiagnostikken? Det er blant temaa vi skal ta opp til diskusjon i tida som kjem.

Mandatet til Bioteknologirådet er å vurdere og drøfte både samfunnsmessige og etiske spørsmål knytt til bioteknologi og genteknologi. Viktig og sentrale utfordringar på begge felt ventar. Desse fortener breie og gode samfunnsdebattar. Alle er velkomne til å delta i debattane som vil kome i tida framover.