Publisert: 11. januar 2011

Foto: iStockphoto.

Selskapet Monsanto har no utvikla ein genmodifisert soya som gir olje med tre gonger så mykje einumetta feitt som vanleg soya.

Av Audrun Utskarpen i GENialt 4/2010

Soyaolje blir brukt mellom anna i matfeitt, margarin, salatdressing og matolje, og to tredelar av all ferdigmat inneheld soya. Monsanto hevdar at oljen frå den nyutvikla soyaen MON 87705 vil gjere mat som inneheld soya, sunnare enn før, fordi han har mykje einumetta feitt. Oljen frå MON 87705 liknar såleis på raps- og olivenolje. I område der det allereie blir dyrka soya og der det finst eit produksjonssystem, kan ein med den nye soyaen halde fram med soyadyrking som før, men likevel få olje med anna feittinnhald. Det er truleg derfor Monsanto har utvikla den nye soyaen. Bioteknologinemnda har uttalt seg om soyaen MON 87705 etter at Monsanto sende søknad om å få han godkjent til bruk i mat og fôr i EU og EØS.

Sunnare mat?

Monsanto marknadsfører soyaen MON 87705 som sunn for forbrukarane, men har ikkje lagt fram noka forsking som viser helsefordelar ved å få i seg olje frå denne soyaen. Genmodifiseringa kan gi andre effektar enn at det blir danna meir einumetta oljesyre, noko Bioteknologinemnda meiner Monsanto burde undersøke betre. Selskapet grunngir påstanden om sunnare mat blant anna med at middelhavskost med mykje olivenolje blir rekna som sunt, og dei viser til generelle råd om at einumetta feitt er bra. Å vite om helsepåstandane stemmer, er viktig for å vurdere om den nye soyaen er samfunnsnyttig. Bioteknologinemnda ber derfor Monsanto dokumentere dei påståtte helsefordelane for soyaen MON 87705. I tillegg bør Monsanto leggje fram data bygd på inntaket av feittsyrer i den norske befolkninga og ikkje berre bruke tal frå Storbritannia.

Heilskapleg vurdering

Mange ernæringsforskarar meiner at vi får i oss for mykje av dei fl eirumetta omega- 6-feittsyrene. I olje frå den nye soyaen har mengda omega-6-feittsyrer minka frå rundt 50 prosent til rundt 10 prosent fordi omega-6-feittsyra linolsyre er erstatta med einumetta oljesyre (sjå figur). Derfor kan det vere betre for helsa å bruke olje frå soyaen MON 87705 i staden for vanleg soyaolje dersom ein vurderer berre ein slik einskild ingrediens i maten.

Nasjonalt råd for ernæring la i 2010 fram forslag til nye nasjonale kosthaldsråd for Noreg. Kosthaldsråda byggjer på forsking på heile matvarer så sant slik forsking er gjort, og helsestyresmaktene rår nordmenn til å ete meir fisk, blant anna for å få i seg dei lange fl eirumetta omega-3-feittsyrene. I siste GENialt kunne du lese om ein annan genmodifisert soya frå Monsanto som skulle erstatte fisk og fiskeolje som kjelder til omega-3. Bioteknologinemnda meiner det er viktig å sjå på heilskapen i kosthaldet og vurdere summen av følgjene ved å erstatte mange typar mat med genmodifisert soya.

Harsknar ikkje

Monsanto legg òg fram andre argument for at soyaen MON 87705 er samfunnsnyttig. Olje med mykje einumetta feitt er mindre fl ytande og oksiderer ikkje så lett som olje med mykje fl eirumetta feitt av di det er færre dobbeltbindingar mellom karbonatoma i einumetta feittsyrer (sjå FAKTA under).

Soyaolje med mykje fleirumetta feitt harsknar fortare og må derfor herdast for å bli meir stabil. Herding er ein industriell prosess der umetta feittsyrer blir gjort om til metta feittsyrer ved høgt trykk og høg temperatur. Ulempa er at det òg blir danna transfeitt, som sjølv om det er umetta, har eigenskapar som gjer at det er usunt. Olje frå soyaen MON 87705, som inneheld meir einumetta feitt, eignar seg derfor betre til steiking enn vanleg soyaolje, samstundes som mat som er laga med soyaolje, blir meir haldbar utan at han får meir transfeitt.

Andre bruksområde

Monsanto meiner at oljen frå MON 87705 er eit betre alternativ enn mineralske oljar (oljar laga frå råolje) som smøreolje til industribruk. Fordelane er at oljen ikkje treng herding og at han i følgje produsenten er meir miljøvennleg av di han er biologisk nedbrytbar. Bioteknologinemnda ber Monsanto dokumentere denne påstanden.

Klar til utprøving i USA

MON 87705 er godkjent som trygg av det amerikanske mat- og legemiddeltilsynet, Food and Drug Administration, under GRAS-ordninga (GRAS står for generally recognized as safe, les meir om dette i GENialt 3/2010). No kan matprodusentane derfor starte å prøve ut olje og protein frå soyaen i produkta sine. Argumentet for godkjenninga er at einumetta feitt allereie finst i mange slag mat. Bioteknologinemnda er ueinig i eit slikt resonnement og meiner at risikoanalysar må gjerast med sjølve planten og oljen frå MON 87705.

Sjølv om soyaen kan vere nyttig til industribruk, er det ikkje sikkert han er løysinga for eit sunnare kosthald.

FAKTA – Soyaen MON 87705

Olje frå soyaen MON 87705 inneheld om lag dei same typane og same mengdene feittsyrer som raps- og olivenolje. Oljen har om lag 75 prosent av den einumetta feittsyra oljesyre, medan vanleg soyaolje har rundt 20 prosent av denne feittsyra. I tillegg er det mindre fl eirumetta omega-6-feittsyrer og mindre metta feitt i den nye soyaen. Soyaen er òg genmodifisert slik at han tåler sprøytemiddel med glyfosat. Denne eigenskapen er meint å gi mindre svinn under dyrking og dermed gi bøndene ei meir stabil inntekt.

Produksjonen av feittsyrer i ei plantecelle. Einumetta oljesyre blir laga i plastid (ein type organeller, små organ, i planteceller) i frøa. Enzymet FATB (acyl-ACP thioesterase) transporterer dei metta feittsyrene som er forløparane for einumetta oljesyre, ut av plastida og over i oljelegemet, som er lagringsstaden for feittsyrer i frøa. Noko av oljesyra blir òg frakta til oljelegemet, medan resten blir sendt til det endoplasmatiske nettet. Der blir oljesyra omdanna til fleirumetta omega-6-feittsyrer ved hjelp av enzymet FAD2 (Δ-12-desaturase). Deretter blir omega-3-feittsyrer danna frå omega-6-feittsyrer. For å få laga meir einumetta oljesyre i soyaen er han genmodifisert slik at produksjonen av enzyma FATB og FAD2 blir hindra ved hjelp av ein mekanisme som blir kalla RNA-interferens (sjå GENialt 3/2006). Det er sett inn to nye gen som set i gang RNA-interferensen. Resultatet er at det RNA-et som kodar for FATB og FAD2 blir brote ned, slik at protein ikkje kan lagast frå RNA-et. Derfor blir det mindre av enzyma FATB og FAD2. Utan FATB blir det meir metta feittsyrer igjen i plastida som kan omdannast til einumetta oljesyre, medan mindre FAD2 hindrar at oljesyra bli omdanna til fleirumetta feittsyrer. Figuren viser òg kor mange karbonatom og dobbeltbindingar feittsyrene har. Eksempel: 18:1 tyder atten karbonatom og ei dobbeltbinding. Figurer er basert på ein figur i søknaden til Monsanto.

FAKTA – Feittsyrer

Feittsyrer er lange kjeder av karbonatom som er bundne saman med enkelt- eller dobbeltbindingar. Hydrogen og oksygen er bundne til karbonatoma. Feittsyrer med berre enkeltbindingar blir kalla metta feittsyrer. Feittsyrer med ei dobbeltbinding, slik som oljesyre, blir kalla einumetta, medan feittsyrer med fleire dobbeltbindingar blir kalla fleirumetta feittsyrer. Nemningane omega-3 og omega-6 kjem av plasseringa på den første dobbeltbindinga i feittsyrekjeda. Transfeittsyrer er ei anna form av umetta feittsyrer, der plasseringa av hydrogenatoma rundt dobbeltbindingane gir dei andre eigenskapar enn andre umetta feittsyrer. Dei viktigaste feittstoffa, eller lipida, i maten, er samansette av feittsyrer og glyserol og blir kalla triglyserid. Feitt er ein viktig byggjestein i cellemembranar og andre strukturar i cellene og kan omdannast til energi og til viktige signalforbindelsar, hormon.

Les høyringssvaret frå Bioteknologinemnda (pdf).
Dette var òg omtalt på nett i november 2010.

Last ned pdf av artikkelen slik den stod på trykk i GENialt 4/2010.