Publisert: 27. september 2024

Då Bioteknologirådet blei bedd om å evaluere bioteknologilova, var det eit spørsmål som blei trekt fram spesielt: Bør personar som er blitt til med donert sæd eller egg få informasjon om andre som har blitt til med sæd eller egg frå same donor?

Marianne Aasen, leder i Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet

Bioteknologirådet har gått grundig igjennom spørsmålet, og både forskinga vi har sett på og innspel vi har fått frå dei som er blitt til med donor og familiane deira, viser at det å vite kven ein er halvsøsken med er viktig for mange. Kunnskap om kven ein er genetisk i nær slekt med gir mogelegheit til å knyte band til biologiske halvsøsken om det er ønskjeleg. Det gir også mogelegheit til å unngå å innleie eit intimt forhold med ein halvsyster eller halvbror. Det kan finnast halvsøsken i inntil fem andre familiar i Noreg som har blitt til med same donor som ein sjølv. Både tidlegare praksis med anonym donor, og nye døme med donor frå Danmark, har vist at det er mogeleg å omgåast halvsøsken i det daglege utan å vite det.

Medlemmane i Bioteknologirådet står derfor samla i tilrådinga si om at dei som er blitt til med donor bør kunne finne halvsøskena sine i egg- og sæddonorregisteret – så lenge dette er basert på eit aktivt, gjensidig samtykke frå begge partar.

Eit samla Bioteknologiråd anbefaler også at dei som er blitt til med donor sjølv må få bestemme om dei ønskjer informasjon om donorhalvsøskena sine, og at dette ikkje er noko foreldra skal avgjere medan barna er små. Det er ikkje sikkert at alle som er blitt til med donor ønskjer å finne halvsøskena sine, eller å bli funnen av andre. Bioteknologirådet meiner derfor at ei aldersgrense på 15 år balanserer behovet til barnet for å kjenne til donorhalvsøsken og prinsippet om at den som er blitt til med donor sjølv skal ta valet om å få informasjon eller ikkje.

Bioteknologirådet meiner også at mogelegheita til å finne donorhalvsøsken igjennom egg- og sæddonorregisteret må gjelde for alle som allereie er i donorregisteret. Viss ikkje vil dei rundt 3800 barna og unge vaksne som er blitt til med donor frå 2005 og fram til ei eventuell lovendring, ikkje få mogelegheita til å finne sine donorhalvsøsken.