Eirik
Publisert: 30. september 2024

Alle som donerer egg får lik kompensasjon. Men egg donert til private klinikkar går til dei som har råd til å betale 100 000 kronar for behandlinga.

Etter at eggdonasjon blei lov i 2020 har fem aktørar etablert eit tilbod. St. Olavs hospital i Trondheim er i dag det einaste offentlege sjukehuset som tek i mot eggdonorar og tilbyr behandling med eggdonasjon, medan totalt fire private aktørar har tilbod i Bergen, Haugesund, Stavanger, Trondheim og Oslo.

Camilla Rørslett Kleveland, overlege ved fertilitetsseksjonen ved St. Olavs hospital. Foto: Privat

– Her på St. Olavs har vi berre nok egg til å tilby behandlinga til kvinner som har tidleg ovariesvikt. Alle andre må til private klinikkar for å få tilbodet. Det er heilt klart eit problem at mange som treng eggdonasjon må betale det sjølv, seier Camilla Rørslett Kleveland, overlege ved fertilitetsseksjonen på St. Olavs hospital.

Ho fortel at dei gjerne skulle behandla enda fleire, men at det er krevjande å nå ut til folk om at eggdonasjon faktisk er lov, og at det er mogleg å donere til eit offentleg sjukehus. For det er både geografiske og økonomiske forskjellar på om egga går til eit offentleg sjukehus eller ein privat klinikk. Dei som vil donere egg til den offentlege helsetenesta, kan berre gjere dette i Trondheim.

Stor prisforskjell

Hjå dei private kostar assistert befrukting med donoregg rundt 100 000 kroner, medan ein på St. Olavs hospital må betale om lag 9000 kroner. Men sjølv om det er nesten 100 000 kroner dyrare hjå dei private, er summen som kvar enkelt donor sit igjen med etter å ha donert egg lik, uavhengig av om egga er gitt til ein privat eller offentleg klinikk: i overkant av 6 000 kroner, pluss reisekostnadar.

Nan Birgitte Oldereid, lege og klinikksjef ved Livio IVF-klinikken. Foto: Livio

– Slik det er i dag er det, satt på spissen, berre offentleg tilsette med fleksibel arbeidstid som har moglegheit til å bli eggdonor her hos oss. Kompensasjonen er alt for låg, og eg trur at å auke kompensasjonen slik at den reelt dekker belastinga og tidsbruken ville hjelpt på situasjonen, seier Kleveland.

Nan Birgitte Oldereid, lege og klinikksjef ved Livio IVF-klinikken i Oslo, delar bekymringa til Kleveland om at det er lommeboka som avgjer om folk kan få barn med eggdonasjon:

– Kven som har behov for eggdonasjon har ikkje samanheng med privatøkonomien. Alle former for assistert befrukting krev mykje teknologi og personale, og blir difor kostbar – både offentleg og privat. Men medan pasientar som får behandlinga i det offentlege berre betaler ein eigenandel, må privat behandling betalast heilt sjølv, seier Oldereid.

Omfattande donasjonsprosess

Å donere egg er krevjande, i alle fall samanlikna med sæddonasjon. Heile prosessen tek to til tre veker og byrjar med ein samtale. Her vil helsepersonell informere og vurdere om donor er inneforstått med kva eggdonasjon inneberer, inkludert at eventuelle donorbarn vil kunne ta kontakt med donor når det har fylt 15 år. Blodprøvar og ei ultralydundersøking for å vurdere egglageret er òg ein del av det innleiande arbeidet. Dei som blir godkjend til donasjon går så gå i gong med sjølve prosessen, som liknar mykje på dei første delane av ei prøverøyrsbehandling. I 10-12 dagar må kvinna setje daglege hormonsprøyter for å stimulere modninga av egg i eggstokkane. Med ultralyd følgast utviklinga til egga. Når eit tilstrekkeleg antal modne egg er klare, hentast desse ut av kvinna ved hjelp av ei tynn nål gjennom skjedeveggen.

Assistert befrukting med donoregg

Desse tilbyr eggdonasjon og dette kostar behandlinga:

  • St.Olavs hospital: 9 000 kr.
  • Klinikk Hausken: 91 000 kr.
  • Livio: 90 000 kr.
  • Medicus: 105 000 kr.
  • Spiren: 105 000 kr.

* For alle tilkjem naudsynte legemiddel for omlag 2 000 kroner.
** Prisane er henta frå nettsidene til klinikkane.

For få egg?

På St. Olavs har dei sidan oppstarten rekruttert 35 donorar, og 50 par har fått behandling med eggdonasjon. På Livio IVF-klinikken i Oslo, som er ein av fire private aktørar, har dei sidan oppstarten henta egg frå 34 donorar, og nærare 40 prosent av dei har donert to eller tre gonger. Totalt vart det fødd ti barn etter eggdonasjonar utført i 2021, som er det einaste året det finnast statistikk frå førebels.

– Vi ser at rekrutteringa varierer over tid. Heilt i starten, når eggdonasjon vart tillaten, merka vi stor pågang. Og generelt er det sånn at merksemd om eggdonasjon i media fører til at fleire tek kontakt. Eg trur mange har lite kunnskap om bioteknologi og heller ikkje veit at eggdonasjon faktisk er tillate i Noreg, fortel Oldereid.

Kleveland ved St. Olavs ser òg den same tendensen om at talet på førespurnadar aukar etter media har skreve om eggdonasjon og behovet for fleire eggdonorar. Ho trur òg at mange framleis ikkje veit at det er lov å donere egg, og ikkje minst at det er mogleg å donere egg til bruk i den offentlege helsetenesta.

Ulike løysingsforslag

Eit av medlemmane i Bioteknologirådet, Hans Ivar Hanevik, som er overlege ved Fertilitetsavdelingen Sør på Sykehuset Telemark, har tatt til ordet for at det bør vere ein eggskatt, der private klinikkar må bidra inn i det offentlege systemet med ein del av egga dei hentar frå sine donorar.

Oldereid, ved den private Livio-klinikken, undrar på om vi heller burde sjå til Sverige, der dei offentlege fertilitetsklinikkane sendar pasientar som dei ikkje har kapasitet til å behandle til dei private klinikkane.

– Kanskje kunne det vere eit alternativ i Noreg også? spør Oldereid.

Camilla Rørslett Kleveland ved St. Olavs hospital støtter ikkje eit slikt privat samarbeid. Ho har eit anna forslag.

– Eg ønsker meg opplysningskampanjar og reklame. For å rekruttere blodgivarar og organdonorar finnes det mykje informasjon og aktive rekrutteringskampanjar. Det same burde vi ha for skaffe fleire eggdonorar og sæddonorar. Men i ein pressa sjukehusøkonomi er det ikkje mykje midlar, så for å skape merksemd er vi avhengige av at andre tar tak i dette, avsluttar Kleveland.

Kjelde: https://www.helsenorge.no/undersokelse-ogbehandling/egg-og-saddonasjon