– Det elevane lærer i naturfagstimen har betydning for deira eige liv og for samfunnet. Eg ønskjer at elevane skal forstå at dei kan gjere ein forskjell ved å engasjere seg, seier naturfaglærar Ina Rosenhaug Bjørset ved Heimdal vidaregåande skole i Trondheim.
Det er måndag formiddag i eit snødekt Trondheim. Elevane i klasse 1STB ved Heimdal vidaregåande skole sit klare til å starte diskusjonane i Ungdommens Bioteknologiråd. Tankar om donorunnfanga sine rettar, fosterdiagnostikk og assistert befruktning skal grunnast på, bli diskutert og samanfatta over dei neste vekene.
Bioteknologirådet har fått i oppgåve av helse- og omsorgsministeren å evaluere bioteknologilova, lova som regulerer bruk av bioteknologi på menneske. Som ein del av dette har Bioteknologirådet invitert elevar frå alle vidaregåande skolar i Noreg til å komme med sine innspel.

Kunnskap gir tryggleik
– Bioteknologi kan ha ei stor betydning for livet til menneske, til dømes ved å hjelpe folk med å få barn eller laga nye medisinar. Vi bør ha ein open debatt i samfunnet så folk kan dele erfaringane og historiene sine. Når vi snakkar om nye tema, bidrar det til å normalisere dei og skape større forståing, seier Mathilde Stjernen.
I fleire veker framover skal ho og dei andre elevane lære om moderne bioteknologi i naturfagundervisninga. For å kunne ta eit informert standpunkt er det viktig med kunnskap om eit tema, kjenne til ulike valmoglegheiter og forstå konsekvensane av desse. Elevane meiner det er viktig at alle deltar i diskusjonar om kva verdiar som skal styre bruken vår av bioteknologi.
– Det er mykje nytt innanfor bioteknologi som mange ikkje kan så mykje om, men som er viktig for framtida. Eg blir tryggare på mi eiga meining viss eg først har faktakunnskapen, til dømes om korleis ein teknologi fungerer og kva valmoglegheiter som finnast, seier Hedda Lund Vik.
Andre elevar peiker også på at kunnskap om bioteknologi vil vere nyttig i møte med andre menneske.
– Viss eg til dømes møter ein som har blitt til med surrogat, er det fint å ha kunnskap om dette, slik at det er enklare å forstå erfaringane deira, seier Stjernen.

Korleis diskutere?
Etikk handlar om korleis ting bør vere. Men det ikkje alltid lett å vite kva som er riktig i situasjonar der vi må prioritere mellom ulike verdiar, personar eller grupper. Noko av det første som blei diskutert i naturfagstimen var korleis ein kan diskutere vanskelege tema på ein god måte.
– Prosjektet gir elevane kunnskap om bioteknologi, men også mogelegheit til å diskutere med andre og danne eigne meiningar, lærar Bjørset. For å skape ein god diskusjon meiner elevane at ein bør diskutere og vurdere sjølve argumentet ein person seier, i staden for å angripe eller kritisere personen som framfører det.
– Folk har ulike verdiar. Det er viktig å respektere andre sine meiningar, sjølv om dei ikkje er dei same som dine, seier Ella Bakken. Elevane fortel at dei stort sett er komfortable med å seie meiningane sine i klasserommet. Men nokon peiker på at det kan vere vanskelegare om det er elevar i klassen som er personleg knytt til eit tema, til dømes kan dei ha blitt til med donor eller med surrogat.
– Vi bør tenke på at nokon kan vere personleg knytt til ei problemstilling. Vi kan seie meininga vår, men likevel ta omsyn og respektere dette, seier Julie Sæther.
Gjeld særleg dei unge
Grensene for kva som er mogeleg innanfor bioteknologi blir heile tida flytta, og dei som er unge i dag vil bli stilt ovanfor nye val i framtida. I prosjektet Ungdommens Bioteknologiråd vil elevane også få mogelegheit til å diskutere potensialet til bioteknologi lengre fram i tid gjennom problemstillingar i samband med arveleg genredigering med Crispr.
– Det er spennande at teknologien gir mange mogelegheiter, men eg ønskjer ikkje eit samfunn der vi kan forandre DNA-et vårt slik at alle blir like og perfekte, seier Konrad Henriksen.

Nesten to timar med engasjert diskusjon i klasserommet er snart over.
– Det er viktig at unge menneske i dag blir høyrt i spørsmål om moderne bioteknologi. Og det er nyttig at dei får mogelegheita til å reflektere over sine eigne verdiar. Ved å trene på dette, blir dei betre på å ta gode val i framtida, seier lærar Ina Bjørset.

Bjørset oppmodar klassen til framleis like stor innsats framover. Nokre elevar frå dei mange klassane som deltar i prosjektet vil bli valt ut til å representere Ungdommens Bioteknologiråd og få vere med å overlevere resultata til politikarane i Oslo. Konklusjonane frå elevane ved Heimdal, og alle dei andre skolane som deltar i prosjektet, vil også bli lese av Bioteknologirådet sitt sekretariat og publisert på nettsida bioteknologiradet.no.
Ungdommens Bioteknologiråd
Bioteknologirådet inviterer alle vidaregåande skolar i heile landet til å vere med i Ungdommens Bioteknologiråd.
Prosjektet har eit opplegg som kan brukast over fleire veker og gir døme på bruk av bioteknologi og mogelegheit til å drøfte etiske spørsmål knytt til bioteknologi, i klasserommet. Undervisningsopplegget er laga for å passe inn i den ordinære undervisninga i Naturfag Vg1 studieførebuande (NAT01-04) og Naturfag Vg3 påbygging til generell studiekompetanse (NAT1018), og oppfyller kompetansemål i desse faga. I tillegg er opplegget godt eigna for tverrfagleg samarbeid, og da spesielt for kompetansemål innanfor Samfunnskunnskap Vg1 og Norsk.
Alle svara blir lese av sekretariatet til Bioteknologirådet og publisert på nettsida bioteknologiradet.no, slik at alle, inkludert andre lærarar, presse, politikarar og byråkratar, kan få tilgang til svara.
Ei gruppe elevar frå ulike klassar i heile landet vil bli valt ut til å representere Ungdommens Bioteknologiråd og skal overlevere prosjektresultata til politikarane i Oslo.
Påmelding og prosjektskildring finn du her: www.bioteknologiradet.no/skole/ungdommens-bioteknologirad/
Det er ingen frist for å melde seg på. Svara sender lærarane på e-post til ungdom@bioteknologiradet.no innan 11. april 2025
Foto: Jan Langhaug