Publisert: 29. juni 2011

Soyaåker. Foto: iStockphoto.

Bioteknologinemnda har uttalt seg om fleire søknader om bruk av genmodifiserte plantar denne våren. Her er ei oppsummering av dei innspela som ikkje har blitt omtalt i GENialt med eigne artiklar.

Av Norunn K. Torheim som ekstraartikkel til nett til GENialt 2/2011

Genmodifisert stivelsespotet
– bruk til prosessering, mat og fôr, første innspelsrunde 14.06.11

Den genmodifiserte stivelsespoteta AM04-1020 inneheld meir av stivelsen amylopektin og mindre av stivelsen amylose, slik at den er betre eigna til industriell bruk. Planten er òg resistent mot ugrasmiddel i gruppa imidazolinar, ein eigenskap som blir brukt i utveljingsprosessen av planten og ikkje som ein agronomisk eigenskap.

Oppsummering av innspela frå Bioteknologinemnda:

  • Den vedlagte dokumentasjonen frå søkjaren, BASF Plant Science Company GmbH, tyder på at det ikkje er nokon helse- eller miljørisiko knytt til dyrking av AM04-1020 i Europa.
  • Dokumentasjonen som følgjer søknaden tyder på at samansetninga og næringsinnhaldet, utover endra stivelsessamansetning, er tilsvarande det som finst i konvensjonelle poteter.
  • Det manglar dokumentasjon på korleis AM04-1020 påverkar organismar i nærmiljøet.
  • Det trengst meir uavhengig dokumentasjon på effekten av dyrking av AM04-1020.
  • Søkjaren svarer ikkje på viktige spørsmål som gjeld samfunnsnytte, etikk og berekraftig utvikling, slik ein må ifølgje den norske genteknologilova.

Last ned «Uttalelse om søknad EFSA/GMO/SE/2010/88: Genmodifisert stivelsespotet AM04-1020 til dyrking, import, prosessering, mat og fôr under EU-forordning 1829/2003».

Genmodifisert ugrasmiddeltolerant mais
– bruk til import, mat og fôr, første innspelsrunde 01.06.11

Den genmodifiserte maisen DAS-40278-9 inneheld enzymet aryloksyalkanoat dioksygenase-1 (AAD-1), som bryt ned og gjer plantane resistente mot sprøytemiddelet 2,4-diklorfenoksyeddiksyre (2,4-D) og enkelte plantevernmiddel i gruppa AOPP.

Oppsummering av innspela frå Bioteknologinemnda:

  • Søkjaren, Dow AgroSciences LLC, svarer ikkje på viktige spørsmål som gjeld sosioøkonomi, etikk og berekraftig utvikling, slik ein må ifølgje den norske genteknologilova.
  • Det bør utførast uavhengige studiar av miljø- og helseeffektar ved eksponering for DAS-40278-9.
  • Søkjaren har ikkje vurdert i kva grad DAS-40278-9 vil påverke bruken av ugrasmiddel.
  • Bioteknologinemnda er kritisk til plantar som er resistente mot eit ugrasmiddel som ikkje er godkjent i Noreg, sjølv om det ikkje blir søkt om dyrking her.

Last ned «Innspill til søknad EFSA/GMO/NL/2010/89: Genmodifisert ugressmiddeltolerant mais DAS-40278-9 for import, mat og fôr under EU-forordning 1829/2003».

Sprøytemiddeltolerant bomull
– bruk til import, prosessering, mat og fôr, første innspelsrunde 15.04.11

Den genmodifiserte bomullsplanten GTxLL er ei kryssing – ein hybrid – mellom dei genmodifiserte plantane GHB614, som toler sprøytemiddel med glyfosat, og LLCotton25, som toler sprøytemiddel med glufosinat-ammonium. GTxLL toler derfor begge desse sprøytemiddeltypane. LLCotton25 er godkjent for import, prosessering, mat og fôr i EU, mens GHB614 er til vurdering.

Oppsummering av innspela frå Bioteknologinemnda:

  • Søkjaren, Bayer Crop Science, må gjere dei same forsøka med hybriden GTxLL som med foreldrelinjene.
  • Sprøytemiddel med glufosinat-ammonium er dokumentert helse- og miljøskadelege. Planten bidreg derfor ikkje til berekraftig utvikling.
  • Det er uetisk å tillate import av ein genmodifisert plante som er dyrka med bruk av sprøytemiddel som er så helse- og miljøskadelege at dei er forbodne i Noreg.
  • Nyare studiar viser at sprøytemiddel med glyfosat kan vere meir skadeleg enn ein før har trudd.

Last ned «Genmodifisert sprøytemiddeltolerant bomull: Søknad EFSA/GMO/ NL/2010/77: Bomull GTxLL fra Bayer Crop Science til import, prosessering, mat og fôr under EU-forordning 1829/2003 (første innspillsrunde)».

Insektresistent mais
– til dyrking, første innspelsrunde 15.04.11

Den genmodifiserte maisplanten MIR604 har fått sett inn eit gen som lagar ei form av Cry3A-proteinet som verkar som insektgift mot skadeinsekta Western Corn rootworm (WCRW, Diabrotica virgifera) og Northern Corn rootworm (Diabrotica longicornis barberi). Desse insekta kan gjere skade på røtene til maisplantane og skade utviklinga av kolbane, slik at avlingane blir dårlegare. Det er ikkje meininga at planten skal marknadsførast som ei sjølvstendig linje, men som del av hybriden Bt11 x MIR604 x GA21. Ei vurdering føreset då, ifølgje dei nye retningslinene til EU sitt mattryggleiksorgan, EFSA, at det òg er gjort ei risikovurdering av morlinjene åleine. Planten er godkjent for dyrking i USA, Canada og Japan. I EU er den godkjent til bruk i mat og fôr.

Oppsummering av innspela frå Bioteknologinemnda:

  • Den vedlagte dokumentasjonen tyder på at det ikkje er nokon miljørisiko knytt til dyrking av MIR604.
  • Samansetning og næringsinnhald er tilsvarande det som finst i konvensjonell mais.
  • Det bør utførast uavhengige studiar av miljø- og helseeffektar av MIR604.
  • Det er òg behov for dokumentasjon på om det modifiserte Cry-proteinet har adjuvanseffektar, det vil seie om det kan forsterke allergiske reaksjonar.
  • Søkjaren, Syngenta, må forklare vektforskjellar i rotter fôra med MIR604.
  • Søkjaren svarer ikkje på viktige spørsmål som gjeld sosioøkonomi, etikk og berekraftig utvikling, slik ein må ifølgje den norske genteknologilova.

Last ned «Innspill til søknad EFSA/GMO/UK/2010/83: Genmodifisert insekttolerant mais MIR604 til dyrking under EUforordning 1829/2003».

Soya med nye feittsyrer – bruk til import, prosessering, mat og fôr, første innspelsrunde 09.02.11

Den genmodifiserte soyaplanten MON 87769 x MON 89788 er ei kryssing mellom to genmodifiserte plantar. Planten gir olje med 20 prosent av omega-3-fettsyra stearidonsyre – ein forløpar til den sunne omega-3-fettsyra EPA, og er i tillegg resistent mot sprøytemidlet glyfosat.

Oppsummering av innspela frå Bioteknologinemnda:

  • Det er ikkje dokumentert at stearidonsyre frå soya aukar mengda EPA hos menneske eller gir dei same gode helseeffektane som EPA.
  • Fordi hybridar alltid har større genetisk variasjon enn foreldreplantane, er det ikkje nok å trekke konklusjonar frå studiar gjort med foreldreplantane. Ein må forske på sjølve hybriden.
  • Nyare studiar viser òg at sprøytemiddel med glyfosat kan vere meir skadelege enn ein før har trudd.

Last ned «Genmodifisert sprøytemiddeltolerant soya med stearidonsyre: Søknad EFSA/GMO/ NL/2010/78: Soya MON 87769 x MON 89788fra Monsanto til import, prosessering, mat og fôr under EU-forordning 1829/2003 (første innspillsrunde)».

Les meir om genmodifisert soya med omega-3 i GENialt 3/2010.

Bioteknologinemnda har sendt innspela til Direktoratet for naturforvaltning.

FAKTA – Behandling av søknader om bruk av genmodifiserte plantar

Når eit firma søkjer om godkjenning av ein genmodifisert plante i EU/EØS, kan medlemslanda først kome med spørsmål til søkjaren (i Noreg blir dette kalla første innspelsrunde). EFSA, EU sitt mattryggleiksorgan, sender innspela vidare til søkjaren dersom dei meiner at EU treng svar på nokre av spørsmåla for å kunne ta ei avgjerd. Dersom EFSA meiner at dei ikkje har nok dokumentasjon, blir søknaden sett på vent.

Viss EU godkjenner søknaden, avgjer Miljøverndepartementet (MD) om søknaden skal godkjennast i Noreg i ei sluttbehandling. I sluttbehandlinga får departementet ei anbefaling frå Direktoratet for naturforvaltning (DN), som administrerer dette saksfeltet for departementet. Direktoratet har då innhenta synspunkt frå andre, slik som Bioteknologinemnda, om spørsmål som gjeld etikk, berekraft og samfunnsnytte, og Vitskapskomiteen for mattryggleik (VKM) når det gjeld helse- og miljørisikovurderingar.