Publisert: 3. januar 2012

Helsepersonell med munnbind og laboratorieutstyr
Kvinner som får medisinsk behandling som kan gjere dei ufruktbare, kan får fryst ned eggstokkvev til seinare bruk. Foto: yaymicro.com.

Kvinner som har fått fryst ned eggstokkvev før kreftbehandling og fått det sett tilbake etterpå, har no rett til assistert befruktning viss dei treng det.

Av Audrun Utskarpen og Olve Moldestad i GENialt 3/2011

Ifølgje bioteknologiloven kan kvinner som får medisinsk behandling som kan gjere dei ufruktbare, få fryst ned eggstokkvev eller befrukta egg før behandlinga. Slik behandling kan vere stråling, hormon- eller kjemoterapi mot kreft som kan gjere at kvinnene kjem tidleg i overgangsalderen eller får øydelagt dei umodne egga i eggstokkane.

Etter at kvinnene har fått sett tilbake eggstokkvevet, kan nokre av dei ha bruk for assistert befruktning. Kvar for seg har assistert befruktning og nedfrysing og tilbakesetjing av eggstokkvev vore godkjende behandlingar i Noreg. Kombinasjonen av dei to behandlingane måtte likevel godkjennast særskilt som ny metode for assistert befruktning. Det er Helsedirektoratet som godkjenner nye metodar, medan Bioteknologinemnda skal gi råd før direktoratet avgjer sakene. Helsedirektoratet fekk i vår ein søknad om godkjenning, og har no gitt løyve til å kombinere dei to behandlingane, blant anna etter råd frå Bioteknologinemnda.

Ressursbruk i helsevesenet

Å ta ut og setje tilbake eggstokkvev er ei eksperimentell og kostbar behandling. For å få lagra eggstokkvev er det vanleg praksis at kvinnene må vere under 35 år, ha over 50 prosent risiko for å bli varig sterile og ha ein reell sjanse for seinare å bli gravide, og det må ikkje vere risiko for at kreften kan komme tilbake når ein set inn eggstokk- vevet. Legane bruker såkalla kikholskirurgi både for å ta ut vev frå eggstokkane før kreftbehandlinga og for å setje det tilbake etterpå.

Det første barnet som kom til etter tilbakesetjing av eggstokkvev, vart fødd i 2004. Berre 40 personar i verda har fått denne behandlinga til no, og det har ført til minst 13 barnefødslar eller svangerskap som er i gang. I Noreg har metoden enno ikkje vore brukt. Kvart barn som blir fødd etter denne behandlinga, vil koste helse-vesenet svært mykje meir enn det styresmaktene meiner er forsvarleg å bruke på andre pasientgrupper som er ufrivillig barnlause. Bioteknologinemnda meiner likevel helseforetaka er etisk forplikta til å finansiere tilbakesetjing av eggstokkvev og eventuell assistert befruktning for kvinner som allereie har fått lagra vevet.

Når det gjeld nye pasientar, ber nemnda helseforetaka og Helse- og omsorgsdepartementet vurdere om dette tilbodet skal prioriterast med ressursar, og om det skal halde fram slik det er no. Samstundes bør styresmaktene vurdere om tilbodet kan finansierast privat, med eigenandel eller som eit forskingsprosjekt.

Alderskriterium

I dag er det opp til legen som behandlar, å vurdere om eit par er skikka for å få tilbod om assistert befruktning ut frå medisinske og pyskososiale kriterium. Det offentlege har ei øvre aldersgrense på 39 år, medan private klinikkar sjeldan behandlar kvinner over 42 år fordi det er mindre sjansar for å lykkast dess eldre kvinnene er. For sjølve nedfrysinga av eggstokkvev er det inga nedre aldersgrense, slik at barn med kreft òg kan få dette tilbodet viss dei treng det.

Grunnen til at kvinner blir mindre fruktbare med alderen, er at dei umodne egga i eggstokkane blir øydelagde med tida, slik at det blir færre egg. Derimot kan livmora til ei kvinne tole eit svangerskap 10–15 år etter overgangsalderen. Ved å setje tilbake lagra eggstokkvev kan ei kvinne få barn når ho er langt eldre enn det biologien vanlegvis tillèt. Derfor rår Bioteknologinemnda helsestyresmaktene til å setje ei rettleiande aldersgrense både for å setje tilbake eggstokkvev og for å kombinere det med assistert befruktning. Bioteknologinemnda meiner at ein må kunne gå ut frå at eit par evnar å gi barnet omsorg til det er myndig for at samfunnet skal hjelpe dei til å få barn.

Les høyringssvaret frå Bioteknologinemnda til Helsedirektoratet

 

Side fra GENialt 3/2011Sjå artikkelen slik den stod på trykk i GENialt 3/2011