Publisert: 26. oktober 2012

Spanske birøktarar får ikkje selt honning til Tyskland av di han kan ha genmodifisert pollen i seg. Noregs Birøktarlag åtvarar mot å tillate dyrking av genmodifiserte plantar.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt nr. 4/2012

Birøktar ved bikube
Norsk birøktar i arbeid. Foto: Trond Gjessing

Dersom honning inneheld pollenrestar frå genmodifiserte plantar, er honningen da å rekne som genmodifisert? Ja, fastslo EU-domstolen i 2011 etter at tyske birøktarar hadde gått til sak mot delstaten Bayern fordi dei hadde funne restar av genmodifisert pollen frå eit forskingsfelt i honningen sin. Avgjerda medfører at dersom meir enn 0,9 prosent av pollenrestane i honningen kjem frå ein genmodifisert plante, må det stå på etiketten. Viss planten ikkje er godkjent i EU, er sjølv spormengder av genmodifisert pollen ulovleg.

Eksportforbod

I Spania dyrkar dei den genmodifiserte maisen MON 810, som blir brukt mest til dyrefôr. Pollen frå MON 810 i mat er førebels ikkje godkjent. Derfor får ikkje birøktarar i Spania, som er det landet i EU som har flest birøktarar og produserer mest honning, lenger selt honningen sin til Tyskland. Tyskland krev at dei må legge fram analysar som viser at honningen er fri for genmodifisert pollen.

– Vi blir sett på som skuldige i ein situasjon vi ikkje kan noko for, seier José Luis González, som representerer birøktarane i den spanske bondeorganisasjonen COAG, til GENialt.

– Så lenge Spania ikkje har reglar som vernar birøktarar og bønder mot forureining frå genmodifiserte plantar, meiner vi det er selskapa som sel den genmodifiserte maisen, som bør vere pliktige til å betale for analysar.

Selskapet Monsanto, som står bak maisen MON 810, har søkt EU om å få godkjent pollenet i mat. Dersom søknaden går igjennom, vil ikkje honningen lenger vere ulovleg. Men framleis er det eit problem at det enno ikkje finst gode nok metodar for å måle om det er genmodifisert pollen i honningen, og om det i så fall er over grensa på 0,9 prosent.

Uklare reglar

EU har i fleire år drøfta korleis restar av pollen frå genmodifiserte plantar i honning skal regulerast. Ifølgje honningdirektivet er pollen å rekne som ein naturleg del av honningen og ikkje ein ingrediens som er tilsett. Honningdirektivet har av den grunn vore forstått slik at det ikkje krevst merking, medan EU-domstolen kom til motsett konklusjon. EU-kommisjonen arbeider derfor med ei tilråding om korleis reglane no skal tolkast. Mange EU-land ventar med å gjere noko før kommisjonen si tilråding er klar og analysemetodane er utvikla.

Om EU får fart på godkjenninga av maisen MON 810 og dei nye analysemetodane, er problemet likevel ikkje løyst sett frå birøktarane si side.

– Vi er svært opptekne av kvaliteten på honningen. Forbrukarane vil at honning skal vere eit naturprodukt utan forureining frå genmodifiserte plantar, seier González.

– Vi ønskjer dessutan ikkje å ha to produksjonslinjer for honning. Det blir dyrare, og i tillegg vil vi ikkje få same pris for honning som er merkt som genmodifisert.

EU importerer ein del honning frå blant anna Argentina og Kina, og denne honningen vil òg måtte oppfylle kravet til merking. Dessutan dyrkar desse landa ein del genmodifiserte plantar som ikkje er godkjente i EU, og blir det funnen spormengder av pollen frå slike plantar i honningen, kan han ikkje seljast i EU.

Eit anna spørsmål er kva ein skal gjere med restar av genmodifisert pollen frå forsøksfelt. Dette kan vere pollen frå genmodifiserte plantar som ikkje er godkjente i EU, og som det heller ikkje er utvikla metodar for å påvise.

Offentleg gode

Portrettbilete
Birøktar José Luis González. Foto: Sissel Rübberdt

EU har foreslått at biekoloniar bør ligge minst ti kilometer unna åkrar med genmodifiserte vekstar, noko COAG meiner vil legge for mange hindringar i vegen for birøkta.

– Det ligg åkrar med vanleg mais mellom åkrane med genmodifisert mais, og bøndene som ikkje dyrkar genmodifisert, har òg krav på pollineringstenester, seier Andoni García, styremedlem og ansvarleg for miljøspørsmål og mattryggleik i COAG.

– Vi ønskjer at den viktige rolla som pollineringa spelar for jordbruket, skal bli verdsett, legg han til.

– Pollinering er eit offentleg gode som bidreg til å ta vare på det biologiske mangfaldet, og den økonomiske vinsten for jordbruket er stor.

COAG meiner at dyrkinga av genmodifisert mais bør stoppast inntil Spania kan handtere problema. I det minste ønskjer dei eit offentleg register over kor det finst åkrar med genmodifiserte vekstar.

Ikkje i Noreg

Førebels har ikkje EU-dommen noko å seie for norske birøktarar av di vi ikkje dyrkar genmodifiserte plantar her. Men Noregs Birøktarlag vil heller ikkje at det skal bli tillate å dyrke genmodifiserte vekstar i Noreg, ifølgje generalsekretær Trond Gjessing.

– Vi jobbar for at honning skal halde fram med å vere eit reint naturprodukt, og vi fryktar at forbrukarane ikkje vil kjøpe honningen dersom han inneheld genmodifisert pollen, seier Gjessing.

Les meir:
Framlegg til endringar i honningdirektivet i EU

Noregs Birøktarlag