Publisert: 2. november 2012

Maisåker med unge maisplantar
Maisåker om våren i Nord-Spania. Foto: Audrun Utskarpen

I Spania er det no umogleg å dyrke økologisk mais på grunn av forureining frå genmodifiserte plantar.

Av Audrun Utskarpen i tidsskriftet GENialt nr. 4/2012

Spania har dyrka genmodifisert mais sidan 1998, og er det EU-landet som både dyrkar mest og har lengst erfaring med genmodifisert mais. Omlag ein firedel av den totale maisproduksjonen i Spania er genmodifisert, og mesteparten av dyrkinga skjer i dei nordaustlege regionane Katalonia og Aragón, der rundt halvparten av maisen er GMO (genmodifiserte organismar).

Medan økologisk landbruk i Spania generelt hadde eit oppsving på 2000-talet, skjedde ikkje det same med økologisk maisdyrking. I dag må Spania importere mais til fôr i økologisk husdyrproduksjon fordi det ikkje er økologisk mais å få kjøpt innanlands.

– Alle dei økologiske maissortane er forureina av genmodifisert mais, seier bonden Juli Bergé frå Bellcaire d’Urgell i Katalonia.

Spreiing av pollen

Maispollen spreier seg med vinden. Mest vanleg er det at pollenet frå ein plante befruktar plantar i nærleiken, men det kan òg fyke langt av garde. Pollen frå åkrar med genmodifisert mais kan derfor befrukte maisplantar i naboåkrar som ikkje er genmodifiserte. Slik får nye frø arvemateriale som er ei blanding av DNA frå morplanten og DNA frå den genmodifiserte planten som pollenet kjem ifrå. Økologiske bønder tek ofte vare på såfrø frå si eiga avling for å bruke året etter, og da kan den nye avlinga òg bli forureina.

Reglar for sameksistens

EU laga i 2002 retningslinjer for korleis genmodifiserte og ikkje-genmodifiserte avlingar skulle kunne dyrkast side om side, såkalla sameksistens. Målet var at bønder skulle kunne velje fritt om dei ville dyrke vanlege, økologiske eller genmodifiserte vekstar. Det er vanleg å krevje ein viss avstand mellom dei genmodifiserte avlingane og ikkje-genmodifiserte naboavlingar, og i nokre land finst det såkalla GMO-frie soner (soner fri for genmodifiserte organismar). Men det er opp til kvart medlemsland å innføre regelverk for sameksistens. I Spania har dei drøfta retningslinjer, men enno ikkje innført noko regelverk.

Les meir: Ønskjer GMO-frie soner

Insektresistent mais

Den genmodifiserte maisen MON 810, som dei dyrkar i Spania, produserer eit protein som verkar som insektgift. Gifta tek livet av larvane til sommarfuglen maisengmott (Ostrinia nubilalis), som gjer stor skade på maisåkrane både i Europa og Nord-Amerika. Meininga er at bøndene skal sleppe å sprøyte mot larvane til maisengmotten, og dermed spare både pengar og arbeidsinnsats. Viss dei sprøytar mindre, kan det òg spare helsa og miljøet.

Slutt på økologisk

Portrett
Bonde Juli Bergé

Juli Bergé har vore økologisk bonde i 22 år, og har alltid dyrka mais, saman med andre vekstar, men no dyrkar han mindre og mindre mais for kvart år.

– Kvart år prøver eg på nytt å så økologisk mais, seier han.

– Eg sår i mars/april, alltid seinare enn bøndene som dyrkar genmodifisert, for at blomstringa ikkje skal skje samtidig. Det gjer dessverre at eg får lågare utbytte, det vil seie mindre avling, og derfor taper pengar.

– Og kvart år blir maisen min forureina av mais frå nabobønder som dyrkar genmodifisert.

Da Bergé ville bestille nye frø av ein av dei forureina sortane, kontakta han bonden han kjøpte frå. Men det viste seg at hans frø òg var vortne forureina. Ingen andre bønder hadde heller frø som ikkje var forureina, og denne sorten gjekk derfor tapt.

Nulltoleranse

Det katalanske sertifiseringsorganet for økologisk mais har nulltoleranse for innblanding av genmodifisert mais. Juli Bergé får derfor ikkje selt avlinga si som økologisk, noko som ville gitt ein høgare pris. Maisen blir merkt som genmodifisert og selt saman med den genmodifiserte maisen, om forureininga er aldri så lita. I praksis blir grensa for forureining bestemt av kor nøyaktig laboratorieanalysane kan gjerast. For bønder som dyrkar vanleg mais som verken er økologisk eller genmodifisert, er grensa for merking 0,9 prosent innblanding av GMO. EU si grense for GMO i økologisk mais er 0,9 prosent.

– Om bønder som dyrkar genmodifisert mais, får gen frå økologiske sortar inn i avlinga si, spelar det inga rolle for dei, men for oss som driv økologisk, øydelegg forureininga levebrødet vårt, seier Bergé.

– Å kjøpe økologisk dyrefôr frå utlandet blir dessutan dyrare på grunn av transporten, og vi blir mindre konkurransedyktige. Derfor blir det vanskelegare for nye bønder å starte opp med økologisk husdyrproduksjon.

Samvirke

Bønder i Spania er medlemmer i samvirke der dei kjøper såfrø og gjødsel, låner maskinar, får råd og teknisk hjelp og sel avlingane sine. Eit samvirke kan ha fleire hundre medlemmer. San Isidro-samvirket, som Bergé er medlem av, dekkjer Bellcaire d’Urgell og landsbyane i nærleiken. I dette området er over halvparten av maisen genmodifisert. Samvirket merkjer både vanleg mais og genmodifisert mais som GMO. Alt går til dyrefôr. Truleg inneheld den vanlege maisen såpass mykje genmodifisert mais at dei ikkje kunne selt han som vanleg mais uansett.

Forsikring

Portrett
Landbruks-teknikar Jordi Rabregat

– Den genmodifiserte maisen er ei forsikring mot avlingstap i år med mykje skadeinsekt, seier landbruksteknikar og rådgivar i San Isidro-samvirket, Jordi Rabregat. Han meiner derfor at den genmodifiserte maisen lønner seg sjølv om såfrøa kostar meir. Forsikringsselskapa tilbyr forsikring berre mot skader som flaum og hagl, og ikkje mot skadedyr.

– Det er ikkje kvart år det er mykje maisengmott, fortel Rabregat.

– Vi kan ikkje seie før sesongen om det vil komme noko åtak dette året, men bøndene kan miste så mykje som ein tredel av avlinga dersom det skjer.

– Før måtte vi òg så tidlegare på året for at maisen skulle vekse litt før sommarfugllarvane vart klekte.

Mindre genmodifisert

Dei to siste åra har dei dyrka mindre genmodifisert mais i området rundt Bellcaire d’Urgell.

– Det skuldast at vi ikkje har hatt maisengmott dei siste åra, seier Bergé og Rabregat.

– Den ikkje-genmodifiserte maisen gir høgare avkastning dei åra vi ikkje får maisengmott.

Både Bergé og Rabregat forklarer mindre maisengmott med insektgifta som den genmodifiserte maisen produserer.

– Eg har òg hatt mindre maisengmott i mine åkrar på grunn av at andre dyrkar den genmodifiserte maisen, seier Bergé.

Bergé understrekar at han ikkje er mot genmodifisert mais, men at det bør vere restriksjonar.

– Maisen må berre dyrkast under streng kontroll, og på avgrensa område, seier han.

Firma som sel såfrø, fortel ikkje bøndene kor store avstandar dei bør ha til ikkje-genmodifisert mais, ifølgje Rabregat. Han meiner bøndene uansett ikkje følgjer slike råd. Medan Rabregat meiner 5 til 10 meters avstand til ikkje-genmodifiserte avlingar er nok, vil Bergé ha minst 800 meter.

Sosiale band

Bøndene i eit område er gjerne fødde og oppvaksne der og har alltid kjent og hjelpt kvarandre.

– At dei som dyrkar genmodifisert mais forureinar avlingane til bønder som dyrkar vanleg eller økologisk, skaper konfliktar i lokalsamfunna, og dei nære banda gjer det vanskeleg for folk å klage, seier forskar Rosa Binimelis ved Universitat Autònoma de Barcelona.

– At det manglar eit regelverk, gjer at konfliktane blir større. Styresmaktene bør ikkje overlate problema med sameksistens til enkeltbønder, slik dei gjer i dag.

Held stand

Juli Bergé er den einaste økologiske bonden i San Isidro-samvirket. Trass i at den økologiske maisen blir forureina kvart år, og han må selje avlinga si som genmodifisert, held Bergé stand. Korfor gir han seg ikkje?

– Det er viktig at det framleis skal vere mogleg å dyrke økologisk mais, seier han.

– Dessutan vil eg gjere styresmaktene, andre bønder og resten av samfunnet merksame på at økologisk maisdyrking finst og må takast med i rekneskapen. Vi kan derfor ikkje slutte å snakke om sameksistens.

Les meir:

Ønskjer GMO-frie soner