Publisert: 18. januar 2013

Mais er ein av plantane som oftast er genmodifisert. Men i Noreg er ingen genmodifisert mat godkjent. Foto: Scanstockphoto

I eit brev til regjeringa foreslår Bioteknologinemnda fleire forbetringar i prosessen for vurdering av genmodifiserte organismar (GMO).

Eitt av forslaga i brevet er krav til fôringsforsøk med GMO som går over heile livsløpet til forsøksdyra. Det er nødvendig for at det skal vere realistisk å samanlikne med matinntak for menneske, meiner Bioteknologinemnda.

Nemnda etterlyser òg meir uavhengig forsking på eventuell helse- og miljørisiko ved dei genmodifiserte plantane det er søkt om godkjenning av i Noreg. I dag kjem hovudtyngda av dokumentasjonen som EU og norske styresmakter bruker i risikovurderingane, frå produsentane. Nemnda meiner òg det er viktig at forskarar må kunne få tilgang til nok relevant plantemateriale frå produsentane og få innsyn i rådata frå studiar som ligg til grunn for GMO-godkjenningar i EU.

Les brevet  (pdf)