Undervisningsopplegg
Her finn du forskjellige undervisningsopplegg, informasjon om materiell og aktivitetar som kan brukast i skulen.
For videregåande skule
Gentesting
Bloggaren Genja vurderar å bestille gentest over internett.
Særskild relevant for Naturfag vg1.
Laga av Bioteknologirådet i samarbeid med Naturfagsenteret.
DNA i kriminalsaker
Følg politiet og rettsgenetikarar i arbeidet med å løse ein kriminalsak ved bruk av DNA.
Særskild relevant for Biologi 2 og ToF.
Laga av Bioteknologirådet i samarbeid med Naturfagsenteret.
Ungdommens bioteknologiråd
Eit skuleprosjektet om bioteknologi og etikk for vidaregåande skule.
Særskild relevant for Naturfag Vg1 og Naturfag Vg3 påbygging.
Tverrfaglege tema
Berekraftig utvikling
Klimaendringar og kyr som fis: Helene er odelsjente i Sogn, med 20 mjølkekyr i fjøset. Ho ønsker å fortsette med gardsdrifta når hun skal ta over, men er også opptatt av miljø og klimaendringane. Men mjølkekyrne slipp ut store mengder av klimagassen metan når de fiser og prompar. Skal ho kjøpe genredigerte kyr, for å redusere utslepp, når dagens mjølkekyr skal erstattast?
Demokrati og medborgarskap
Arveleg sjukdom og genredigering: Eva mista nyleg mora til Huntingtons. Ho er ikkje sjølv berar av genvarianten som fører til sjukdomen, men veit at det var 50% sjanse for at også ho skulle få det. Med genredigering kan ein i framtida kanskje gjere endringar i den genvarianten som fører til sjukdom, allereie på et befrukta egg. Eva får ikkje mora si tilbake, men vil kjempe for at andre ikkje får sjukdomen. Korleis skal ho gjere det? Og kva er argumenta mot å bruke genredigering på menneske?
Folkehelse og livsmeistring
Gentesting, kosthald og idrett: Olav er god i gym og glad i snop, og lurer på om han bør satse på sprint eller langdistanse. Han ser reklame for gentesting som kan hjelpe med trening og kosthald, og sender DNA-et sitt til USA for analyse. Så får han ein e-post med data tilbake om hans eigenskapar og risiko for sjukdom.
Men kva betyr eigentleg resultata? Og bør han fortelje veslesystera, som han deler mykje DNA med, om mogleg risiko for sjukdom? Og var det så lurt å sende heile DNA-et sitt til utlandet?
For ungdomsskulen
Bioteknologi i ungdomsskulen - Creaza
Kan vi bruke genteknologi til å gjenopplive mammuten? Og bør vi det? Kva kan genane dine fortelje om deg og er genetiske opplysningar sensitive? Bør vi klippe og lime i genar for å kurere sjukdom?
Elevane logger seg inn på Creaza, og finner oppgåvene i bioteknologi der.