Sidan desse informasjonshefta kom ut i 2010 har det skjedd fleire endringar:

  • PGD, som står for preimplantasjonsgenetisk diagnostikk, heiter no PGT – preimplantasjonsgenetisk testing.
  • PGD-nemnda, som tidlegare var dei som vurderte og godkjende søknadar, vart nedlagd i 2020, og ansvaret for vurdering av søknadar ligg no hjå St.Olavs hospital i Trondheim og Rikshospitalet i Oslo. Desse er òg ansvarleg for organisering av sjølve prosessen, mellom anna dei genetiske analysane som framleis må gjerast i utlandet.

Bioteknologirådet har ei eiga temaside om PGT/PGD med oppdatert informasjon.

PGD kan vere aktuelt for par som:

  • veit at det er ein arveleg sjukdom i familien og ønskjer å få eit barn utan arveanlegg for denne sjukdommen
  • har fått barn med ein alvorleg, arveleg sjukdom
  • har hatt fleire spontanabortar som skuldast kromosomavvik hos ein av dei

Spesialisthelsetenesta vurderer søknader om å få ta i bruk PGD.

Brosjyren inneheld kort informasjon om PGD for at par det er aktuelt for, får kjennskap til tilbodet.

Last ned