Svein
Publisert: 8. desember 2025

Også bakteriar kan verte sjuke, eller i det minste bli infisert av virus kalla bakteriofagar. No har forskarar nytta kunstig intelligens til å lage nye slike bakteriedrepande virus. – Vis varsemd, seier J. Craig Venter, ein av pionerane innan syntetisk biologi.

Forskarar ved Stanford-universitetet i California, USA, har tidlegare utvikla KI-modellar som kunne brukast til å designe nye protein og protein-kompleks. No har dei gått eit skritt lenger.

Genom-språkmodell

Forskarane Samuel H. King, Brian L. Hie og kollegaane deira presenterte nyleg ein studie som viser korleis dei har laga verdas første KI-genererte virus. KI-teknologien dei har utvikla liknar på store språkmodellar som ChatGPT, men i staden for å trene språkmodellen på tekstar, trena dei den på DNAsekvensar. Forskarane trena språkmodellen Evo2 på heilgenomdata frå om lag to millionar ulike bakterie-infiserande virus. Ved å trene modellen både på proteinkodande gen og ikkje-kodande DNA-sekvensar, fangar den opp kompleksiteten og samspelet mellom ulike gen, noko som er nødvendig for å lage eit funksjonelt virus eller ein organisme.

Forskarane tok så utgangspunkt i bakteriofagen ΦX174, som har eit genom på om lag 5000 nukleotidar, totalt 11 proteinkodande gen og som spesifikt infiserer E. coli-bakteriar. Etter å ha evaluert tusenvis av KI-genererte virusgenom sat dei igjen med 302 genomsekvensar som dei syntetiserte og blanda med E. coli-bakteriar.

Plutseleg ein kveld såg forskarane første teikn på suksess. I ei av petriskålene der dei dyrka bakteriar saman med eit syntetisert bakteriofag-genom hadde bakteriane byrja å døy. Då alle prøvane var testa, viste det seg at 16 av dei 302 genoma blei til bakteriofagar som klarte å replikere seg sjølve i bakteriar, og som byrja å ta livet av bakteriane. Ikkje berre det, fleire av dei nye virusa infiserte E. coli meir effektivt enn ΦX174, og då dei testa dei nye virusa mot E. coli-bakteriar som var resistente mot ΦX174-viruset, klarte fleire av dei nye KI-genererte virusa også å drepe desse bakteriane. Dette gir håp om at teknologien kan brukast til å utvikle nye behandlingsformer, som til dømes bakteriofagar som drep antibiotikaresistente bakteriar.

Forskarar uroar seg

Artikkelen er ikkje endå fagfellevurdert, men nokre har allereie uttrykt bekymring for kva denne typen teknologi kan bli brukt til i framtida. Forfattarane sjølv adresserer problema i artikkelen, og opplyser at dei har ekskludert alle virus som kan infisere eukaryote celler frå Evo-modellane, men dette hindrar likevel ikkje andre i å kunne utvikle modellar for virus som infiserer menneske.

J. Craig Venter, ein av pionerane innan syntetisk DNA, utvikla funksjonelle ΦX174- virus frå syntetisk DNA for over 20 år sidan, utan kunstig intelligens. Han meiner at bruken av KI til å syntetisere virus foreløpig «berre er ein raskare måte å gjera prøv-og-feil forsøk på», men Venter er likevel bekymra for kva teknologien kan verte brukt til framover.

– Eit område der eg vil oppfordre til ekstrem varsemd, er all forsking på å forbetre virus, særleg når det blir gjort tilfeldige endringar der ein ikkje veit kva ein får, seier Venter til MIT Technology Review.

Kjelder:
King et al, BioRxiv (2025) www.doi.org/10.1101/2025.09.12.675911
www.technologyreview.com/2025/09/17/1123801/ai-virus-bacteriophage-life/
www.nature.com/articles/d41586-025-03055-y
Bakteriofagar er ein type virus som infiserer og drep bakteriar. Illustrasjon: Andreus/iStock