Kva eigenskapar ønsker du at ditt barn skal ha? På fertilitetsklinikkar i fleire land får foreldre no moglegheita til å velje kva embryo dei ønsker å bruke ved in vitro-fertilisering (IVF), basert på resultat frå genetiske undersøkingar.
– Me snakka om dettefør me blei gravide med vårt andre barn, at viss det [også] blei ein gut, så skulle me ha ei jente som nummer tre, uttalte Sarah Tjulander til Dagens Næringsliv i 2024.
Trass i at dei to første barna blei unnfanga på naturleg vis, utan assistert befrukting, ville paret no reise til Nord-Kypros for å gjennomføre IVF der fertilitetsklinikkar tilbyr å teste kjønnet til dei befrukta eggcellene (embryoa), og lar dei komande foreldra velje om dei vil ha ein gut eller ei jente.
Frå kjønn til IQ
Men det er ikkje berre barnets kjønn som kan veljast. Nokre klinikkar i USA marknadsfører moglegheita til å velje fysiske karakteristikkar, som hårfarge og augefarge, og tilbyr genetisk screening som dei hevdar kan predikere om barnet vil ha auka sannsyn for å få ein eller fleire av ei lang rekke sjukdommar eller eigenskapar.
Dette kan til dømes vera sjukdommar som diabetes type II, eller ikkje-medisinske eigenskapar som høgare eller lågare IQ. Genetisk testing av eit embryo vert kalla preimplantasjonsgenetisk testing (PGT), og er ein metode som kan analysere eit breitt spekter av genetiske eigenskapar. Kva type PGT-analyse ein nyttar, heng saman med kva informasjon ein ønsker.
Det vert skild mellom fleire typar PGT-analysar:
PGT-M: testing for spesifikke genfeil
PGT-SR: identifiserer embryo med strukturelle avvik på kromosoma
PGT-HLA: identifiserer embryo som kan vere vevstype-match med eit sjukt søsken, slik at stamcelledonasjon vert mogleg
PGT-A: analyserer embryoet for avvik i talet på kromosom
PGT-P: analyse av embryoet basert på polygen risikoscore
IVF +
PGT er regulert svært ulikt verda over. I Noreg er PGT tillate for kvinner eller par som har høg risiko for å få eit foster eller barn med ein alvorleg, arveleg sjukdom eller tilstand. Mange andre land i Europa tilbyr testing av embryo for avvikande kromosomtal (PGT-A) ved IVF, til dømes ved gjentekne spontanabortar, høg alder eller til dei som sjølve ønsker det. Målet er å unngå å sette inn eit embryo med unormalt kromosomtal, og slik auke sjansen for ein vellykka graviditet.
Samstundes kan analysen også plukke opp kromosomale avvik som er foreinleg med levande fødsel, som trisomi 21, som fører til Downs syndrom, og bruken av teknologien er omdiskutert. I kva grad bruk av PGT-A aukar sannsynet for ein vellukka graviditet er uklart, men fleire studiar viser til at nytten er minimal for dei under 35 år, medan det kan ha ein liten positiv effekt på sannsynet for ein vellykka graviditet blant dei eldste kvinnene som får IVF.

Eit av landa i Europa med mykje bruk av PGT-A er Spania, der om lag ein femtedel av alle IVF-syklusar inkluderer ein PGT-Aanalyse. Jordi Guardiola er embryolog og laboratorieleiar ved den private klinikken IMF-Easyfiv Barcelona. Han seier at embryologar i Spania stort sett er positive til bruk av PGT-A.
– Sannsynet for at eit embryo har kromosomale avvik aukar drastisk med alderen til kvinner over 35. For kvinner som er over 40 år har om lag 70-80 prosent av embryoa ei form for kromosomalt avvik, og for kvinner som er over 43 år har dette auka til om lag 90 prosent . For desse kvinnene er mitt råd å ta PGT-A eller vurdere eggdonasjon, seier Guardiola.
Også i Noreg?
Testing for kromosomale avvik med PGT-A er ikkje lovleg i Noreg i dag, med mindre ein allereie har fått innvilga PGT for alvorleg, arveleg sjukdom. Då Bioteknologirådet evaluerte bioteknologilova i 2025 gjekk fleirtalet inn for at PGT-A burde verte lovleg for dei som kunne ha nytte av det, og også fleire i fagmiljøet tar til ordet for å greie ut metoden.

– Historisk har det vore gode grunnar til å vere skeptisk til PGT-A. Dei gamle biopsimetodane viste seg til dømes å kunne resultere i skader på fosteret, men med teknologien og kunnskapen me har om PGT-A i dag, er ikkje det lenger eit problem. Ettersom NIPT for å teste foster for kromosmale avvik i veke 10 – 12 er vorte tillate for alle, ser eg ikkje nokon gode argument mot at PGT-A også burde verte lovleg i Noreg, seier embryolog Aleksej Stevanovic ved Fertilitetsavdelingen ved St. Olavs hospital i Trondheim.
Friheit til å velje?
Sarah Tjulander ønskte friheita til sjølv å kunne velje kva kjønn hennar tredje barn skulle få, og for å kunne gjere dette måtte ho reise til eit land der det er tillate. Å reise til utlandet for å få assistert befrukting er ikkje noko nytt. Einslege kvinner som ønskte seg barn reiste til Danmark for å få assistert befrukting fram til det blei tillate i Noreg i 2020, og menn i likekjønna parforhold, eller kvinner som ikkje sjølve kan bere frem eit barn, har i mange år reist til utlandet for å få surrogati.
I USA kan ein velje kjønn på barnet når ein gjer IVF, men nokre klinikkar går endå lengre og hevdar at dei kan gi estimat for eigenskapar som intelligens, høgde og framtidig risiko for sjukdom.
Eit av selskapa som har fått mykje merksemd er Nucleus, som tilbyr embryo-screening. Selskapet reklamerer med at dei kan analysere embryo for genetisk predisposisjon for over 2000 ulike tilstandar, i tillegg til ei rekkje ikkje-medisinske eigenskapar. Nucleus fekk i 2025 særleg merksemd med reklamekampanjen «Have your best baby» som blei vist på T-banenettet i New York. Reklameplakatar med slagord som «IQ is 50% genetic – pickyourbaby.com» skapa kontrovers, og sette også fart i debatten om kor stor valfridom foreldre bør ha, og kva typar genetiske undersøkingar det er greitt å tilby.

Usikkert grunnlag
Analysar basert på polygene risikoscorar, brukte til å predikere risiko for sjukdom eller andre eigenskapar der mange ulike gen spelar inn, har liten vitskapleg evidens. Fagmiljøa både i Europa og i USA er einige om at denne teknologien både er umoden for bruk, og etisk problematisk.
– Dette er tilbod som er drive fram av kommersielle krefter, med eit tynt vitskapleg grunnlag. Analysane dei legg til grunn har liten prediktiv verdi for svært mange av sjukdommane dei testar for, spesielt på individnivå. Samtidig illustrerer det ein grunnleggande skilnad i korleis me forheld oss til assistert befrukting, med ein mykje større aksept i USA for at foreldre som ønsker genetisk testing av embryo, og som kan betale for det sjølve, bør ha fridom til å velje dei testane dei ønsker, seier Stevanovic.