Nyleg sendte kinesiske forskarar stamcellebaserte embryomodellar ut i verdsrommet. Målet er å undersøke korleis vektløyse og romstråling vil påverke dei tidlegaste stega i menneskeleg utvikling.
– Kanskje kan dette hjelpe oss å forstå kva risikoar og utfordringar menneske kan møte dersom me ein dag skal bu lenge i verdsrommet, sa professor Yu Leqian, leiar av forskingsprosjektet, til Chinese Academy of Science i juni.
Yu Leqian leiar eit forskingsprosjekt som skal samanlikne embryomodellar som har utvikla seg i verdsrommet med tilsvarande modellar som har utvikla seg på jorda.
Embryomodellane er laga frå stamceller og kan ikkje utvikle seg til menneskebarn, men er gode modellar for å studere menneskeleg embryoutvikling. Den eine modellen etterliknar fasen der embryoet fester seg til livmorslimhinna, medan den andre modellen skal etterlikne fasen der cellene organiserer seg til det som skal bli ulike vev og organ.
Modellane blei laga like før oppskyting og frakta til den kinesiske romstasjonen Tiangong i eit lukka, automatisk inkubatorsystem, som skal overvake utviklinga. Etter fem dagar i rommet skal prøvane frysast ned og sendast tilbake til jorda for analyse.
Målet med forskinga er først og fremst å få kunnskap om korleis vektløyse påverkar embryoutviklinga, og korleis romstråling påverkar embryomodellane. Forskinga kan også gi eit innblikk i kva biologiske utfordringar som kan oppstå dersom menneske ein gong skulle forsøke å få barn utanfor jorda.
Kjelder:
https://english.cas.cn/newsroom/cas-inmedia/202605/t20260514_1159330.shtml
https://global.chinadaily.com.cn/a/202605/19/WS6a0bbf19a310d6866eb49615.html
