I sosiale medium fløymer det over av videoar der influensarar og treningsprofilar promoterer peptid som skal gi raskare restitusjon, finare hud, eller ein kropp som eldast saktare. Kva er eigentleg peptid, og kva risiko tar ein ved å bruke dei?
Skal det være ein Wolverine stack etter trening, ein kombinasjon av peptida BPC-157 og TB-500, for at kroppen skal restituere seg raskare? Eller kva med ein brain stack, ein hjerneboost, bestilt direkte frå ein fabrikk i Kina?
Våren 2026 skreiv The New York Times om «Chinese peptide stacks» og at det trenda i sosiale medium. Influensarar promoterte billige peptid, korte kjeder av aminosyrer, kjøpte direkte frå firma i Kina. Trenden har også kome til Noreg. Tolletaten rapporterer om aukande beslag av ulovlege peptid og injeksjonspreparat bestilt frå utlandet. Peptid er ei samlenemning på ein type molekyl med mange ulike funksjonar. Nokre peptid kan vere godkjente legemiddel, men peptida som vert promotert for sjølvoptimalisering i sosiale medium, har i mange tilfelle aldri vore testa i menneske. Dei blir bestilt frå utlandet og kjem tilsendt i posten i små hetteglas eller ferdigfylte sprøyter. På innpakninga står det gjerne «for research purpose only», men peptida vert likevel promoterte og selde til privatpersonar.

Kva er eit peptid?
Peptid er småsøskenet til protein. Begge er laga av aminosyrer, men peptida er kortare kjeder. Aminosyrekjeder med færre enn om lag 50 aminosyrer vert gjerne kalla peptid, medan lengre kjeder vert kalla protein. Peptid oppstår til dømes når protein vert brotne ned i cellene våre, eller i mage og tarm når me fordøyer mat. Men nokre peptid vert også laga av kroppen sjølv, og fungerer som signalstoff som regulerer blodsukker, appetitt, vekst og utvikling, eller smerte og velværekjensle (sjå faktaboks).
Peptid kan også produserast i laboratoriet, enten ved kjemisk syntese eller ved hjelp av bioteknologi. Nokre slike peptid kan vere livsviktige medisinar som etterliknar, forsterkar eller blokkerer funksjonen til kroppens eigne peptid eller signalstoff. Dette kan til dømes vere insulin som regulerer blodsukkeret vårt, eller det svært ettertrakta peptidet semaglutid, som er verkestoffet i diabetesmedisinen Ozempic og i «slankesprøyta» Wegovy, eit legemiddel som vert nytta av mange for vektreduksjon. Semaglutid etterliknar eit av kroppens eige signalstoff, GLP-1, både i bukspyttkjertelen der det redusere blodsukkeret, og i hjernen der det aukar kjensla av mettheit og reduser svoltfølelsar.
Det er nettopp denne rolla som signalstoff og regulator av biologiske prosessar i kroppen, som gjer peptid så interessante som legemiddel. Ozempic og Wegovy blei for alvor populære i 2022 og 2023. Media omtala peptida som ein game-changer for vektreduksjon, og den eksplosive interessa gjorde at produsentane av legemiddelet fekk leveringsproblem. Parallelt med dette starta ein breiare hype rundt injiserbare peptid i sosiale medium, ikkje berre for det godkjente «slankepeptidet» semaglutid, men også andre peptid som ikkje er godkjente legemiddel.
I dag har trenden skifta endå meir mot å finne nye og meir potente peptid, eller den perfekte kombinasjonen av ulike peptid, som saman skal gi endå betre effekt.

Peptid
Peptid er korte kjeder av aminosyrer, dei same byggeklossane som protein er laga av. Mange peptid kan lagast av kroppen sjølv og fungerer som hormon eller signalstoff som regulerer til dømes kroppens blodsukker, appetitt, væskebalanse eller smerterespons. Andre peptid er del av kroppen sitt immunforsvar.
Peptid oppstår også når protein i maten vert brotne ned i mage og tarm, før dei vert vidare brotne ned til aminosyrer.
Peptid kan lagast i laboratoriet, anten ved kjemisk syntese, eller ved hjelp av bioteknologiske metodar som til dømes i bakteriar eller gjærceller. Nokre slike peptid og peptidliknande molekyl er godkjende legemiddel, og har vore gjennom grundig klinisk testing.
Mange av peptida som vert seld på gråmarknaden har derimot ikkje vore testa i menneske og ein har derfor ingen kunnskap om peptidet fungerer og endå viktigare, om det i det heile tatt er trygt å ta.
Kvifor blir peptida injiserte?
Mange peptid vert brotne ned og øydelagde i fordøyinga dersom dei blir svelgde. Ved injeksjon kjem peptidet forbi mage og tarm, og kan lettare nå blodet og resten av kroppen.
Men injeksjon aukar også risikoen. Då er det avgjerande at produktet er sterilt, rett dosert, og at det har vore gjennom produksjonskontroll.
Tydeleg auke – trass høg risiko
Antidoping Norge rapporterer at dei i aukande grad får spørsmål om bruk av peptid i deira rådgivingsteneste, Dopingkontakten. Og der mange av spørsmåla til dopingkontakten tidlegare handla om bygging av musklar og trening, har spørsmåla endra seg dei siste åra.

Norge. Foto: Antidoping Norge
– Det er ikkje lenger berre unge menn som ønsker å byggje musklar som tar kontakt, me vert kontakta både av gutar og jenter som har spørsmål om peptidbruk for å få ein slankare kropp, finare hud, restitusjon etter trening, eller læking av skadar, seier Sofie Christensen i Antidoping Norge.
Mange av spørsmåla dei får går på peptid som ikkje har godkjenning som legemiddel. Dei som tar kontakt har gjerne likevel sett seg godt inn i kva funksjon dei ulike peptida skal ha i kroppen.
– Men det verkar ikkje alltid som at dei som tek kontakt med oss har teke inn over seg kor eksperimentelle nokre av desse peptida faktisk er, og kor lite kliniske data som ligg til grunn for mange av desse peptida, seier Christensen.
Utesta og ulovleg
Kombinasjonar av ulike peptid vert kalla «peptide stacks». Ein av dei mest kjende kombinasjonane er til dømes «Wolverine stack», som skal gi raskare restitusjon etter trening. Namnet spelar på teikneseriefiguren Wolverine som kan lege seg sjølv nesten med det same han har fått ein skade. Kombinasjonen har vorte særleg populær etter at den tidlegare kampsportutøvaren Joe Rogan skrytte av eigne erfaringar med den på podkasten sin.

i Bergen Foto: Privat
Særleg eitt av dei to peptida i Wolverine stack har, som svært mange av dei andre peptida på gråmarknadane, vore gjennom svært lite eller ingen klinisk utprøving på menneske. Dette er utprøving som er heilt nødvendig for å skaffe informasjon om, og dokumentasjon på, at peptida er trygge å bruke for menneske. Dei fleste peptida har berre resultat frå cellestudiar, eller dyrestudiar, som grunnlag for påstandane om effekt og fråvær av biverknader. Men det er inga automatikk i at det som har effekt på mus, eller er trygt for mus, også er trygt og vil verke på menneske.
– Me ser igjen og igjen at molekyl som viser god effekt i celle- eller dyrestudiar ikkje har effekt når dei har vorte testa i kliniske utprøvingar i menneske, seier Knut Teigen, professor ved Universitet i Bergen.
Teigen jobbar mellom anna med oppdaging av nye legemiddel. Alle godkjente legemiddel har vore gjennom tre ulike nivå av klinisk utprøving i menneske (sjå figur), og meir enn 90 prosent av molekyla som har gode nok resultat i dyreforsøk til å starte klinisk utprøving, blir likevel aldri eit legemiddel. Om lag 30 prosent av desse vert stoppa fordi dei enten viser seg å gi store biverknadar, eller at dei er skadeleg ved lengre bruk. I tillegg er det system for å fange opp og trekke tilbake godkjente legemiddel dersom det viser seg å ha biverknadar som ikkje vert plukka opp før det vart godkjent.
– Bestiller du eksperimentelle peptid frå ein gråmarknad, vert du prøvekanin for eit utesta molekyl, i eit system der det heller ikkje er noko form for tilbakemelding dersom du skulle bli sjuk, seier Teigen.
Sara Viksmoen Watle, overlege i Direktoratet for Medisinske produkt (DMP), tidlegare Statens Legemiddelverk, åtvarar også mot å bruke injiserbare peptid kjøpte frå utlandet.

Medisinske produkt (DMP). Foto: DMP
– For det første er mange av produkta ikkje prøvd ut i menneske, og me veit ikkje om dei verkar og er trygge å bruke. For det andre så veit du ikkje kva produktet du får tilsendt faktisk inneheld når det blir bestilt frå ein gråmarknad i utlandet.
Dette gjeld uavhengig av om peptidet du bestiller er ein godkjent medisin, eller eit eksperimentelt peptid.
– Kjøpar du peptid frå gråmarknaden risikerer du at preparatet kan ha vore produsert heilt utan legemiddelkontroll. Det kan innehalde andre verkestoff, eller vere kontaminert med både bakteriar og reststoff frå produksjonen, seier overlege Viksmoen Watle.
Vil stramme inn
Dei fleste injeksjonspreparat til bruk på menneske er definert som legemiddel og er derfor ulovleg å importere til Noreg utan løyve. Tolletaten rapporterer likevel om ein kraftig auke i beslag av ulovlege injeksjonspreparat med peptid bestilt på nett dei siste tre åra. Dette bekymrar DMP, som nyleg har foreslått at fleire av peptida, inkludert både BPC-157 og TB-500, i tillegg skal førast opp på den strafferettslege dopinglista i Noreg.
– Det viktigaste med å føre desse peptida opp på den strafferettslege dopinglista er omsynet til folkehelsa. Desse stoffa kan vere helseskadelege, og me ønsker å sende eit tydeleg signal om at det er ulovlege legemiddel som me reknar som doping. I tillegg gir det toll og politi betre høve til å slå ned på ulovleg import og organisert kriminalitet, seier Viksmoen Watle.
Komitekontrovers i USA
Samstundes har den noko kontroversielle amerikanske helseministeren og sjølverklærte vaksinemostandaren Robert F. Kennedy ved fleire høve uttalt at han er ein «stor fan» av slike peptid, og at han vil endre på reguleringa i USA. I slutten av juli 2026 leverte ein rådgivande komité, sett saman av Kennedy sitt helsedepartement, ei anbefaling om at seks av desse peptida bør verte lovleg å produsere og selje for bruk i menneske. Rådet blei raskt plukka opp og spreidd i sosiale medium, som eit bevis på at peptida er trygge.
– Men ingen av desse seks peptida har blitt godkjent av FDA, som er dei som skal godkjenne alle legemiddel i USA. Anbefalinga handlar om moglegheita til å framstille peptida i kontollerte former på såkalla compounding-apotek, ikkje om at dei er dokumentert trygge eller effektive. Dokumentasjonen er framleis mangelfull. Me fråråder bruk av slike peptid på det sterkaste, og oppmodar folk til ikkje å gamble med eigen helse, seier Viksmoen Watle.
