Kva embryo er det størst sannsyn for at vert til ein vellykka graviditet? Det er det embryologen som skal vurdere. No med hjelp frå kameraovervaking og kunstig intelligens.
Tenk deg at dugår til ein klinikk for å få barn ved hjelp av in vitro-fertilisering (IVF). Nokre dagar etter at egga vert henta ut og befrukta, får du ein telefon om korleis embryoa har utvikla seg. I tillegg til eiga erfaring, har embryologen fått støtte av kunstig intelligens (KI) for å velje det embryoet som har størst sjanse til å verte ein vellukka graviditet.
Inkubator med KI
– Alle våre embryo vert dyrka fram i spesialdesigna inkubatorar med innebygde kamera. Dei tar bilete kvart tiande minutt av embryoutviklinga, frå fertilisering og fram til dag fem, når embryoet er klart for å setjast inn i kvinna, seier Mette Haug Stensen som er laboratoriesjef og seniorembryolog ved Volvat Spiren i Oslo.

seniorembryolog ved Volvat Spiren i Oslo.
Foto: Volvat Spiren
I likskap med dei fleste fertilitetsklinikkane i Noreg, har klinikken ho jobbar på tatt i bruk intervallfotografering for å kunne gjere betre vurderingar av embryoa si utvikling. Alle bileta vert sett saman til ein video som vert nytta av embryologen for å velje det beste embryoet. I tillegg kan embryologen få støtte frå analyse av embryoets utvikling med KI-baserte algoritmar.
Ved Volvat Spiren nyttar dei mellom anna eit inkubatorsystem med eiga KI-løysing for å rangere embryo. KI-analysen er trena til å identifisere dei embryoa som har størst sjanse for å føre til ein vellykka graviditet.
Ifølgje data frå Vitrolife, selskapet som sel systemet, er modellen per i dag om lag like god til dette som ein erfaren embryolog er utan KI-støtte.
– Me ser jo at KI-analysane ikkje alltid gjer ting rett, så den må brukast saman med embryologen sine eigne vurderingar. Men det kan vere eit godt verktøy til opptrening av nyutdanna embryologar, og også til å få ei litt meir objektiv vurdering av embryoa, seier Mette Haug Stensen.
Frå biletanalyse til genetikk

ved Sykehuset Telemark og medlem i Bioteknologirådet. Foto: Bioteknologirådet
Men sjølv om KI-analysane i dag ikkje er betre enn erfarne embryologar, så er det venta at KI-analysane vert betre med meir trening. Og der inkubatorsystema sine eigne KI-modellar hovudsakleg er trena berre på identifisere embryo som fører til ein «vellykka graviditet» (foster med hjerteslag), så er det fleire fagmiljø og selskap som utviklar modellar som også er trena på om embryoet har normal eller unormal samansetting av kromosom. KI-modellane er foreløpig best på å predikere alvorlege kromosomavvik, gjerne embryo med kromosomale endringar som i dei fleste tilfelle fører til spontanabort. Men det er mogleg at modellane i framtida også vil klare å predikere auka sannsyn for mindre kromosomale endringar som er foreinleg med levande fødsel. Dette er endringar ein embryolog ikkje kan sjå frå bilete. For å få definitiv informasjon om kromosomale endringar i eit embryo er genetiske undersøkingar (til dømes PGT-A) nødvendig, ei type genetisk undersøking som i dag berre er tillate i Noreg i samband med andre PGT-analysar gjort ved høg risiko for alvorleg arveleg sjukdom.
– Ein KI-analyse basert på embryoets morfologi vil aldri verte diagnostisk på same måte som dei genetiske analysane, men desse KI-modellane vert berre betre og betre, og ein del av dei resultata eg har sett blitt presentert på konferansar er imponerande, seier Hans Ivar Hanevik, overlege ved Fertilitetsavdelingen ved Sykehuset Telemark, og medlem i Bioteknologirådet.
Ved å auke sannsynet for at embryoa som vert nytta ikkje har kromosomavvik, håpar ein å kunne redusere talet på IVF-syklusar som trengs for å få ein vellukka graviditet.
Genetisk analyse?
– Etter kvart som KI-basert biletanalyse av embryo vert betre til å identifisere teikn på kromosomavvik, oppstår det også eit juridisk spørsmål. Er dette ei form for undersøking som fell inn under bioteknologilova sine reglar om genetiske undersøkingar, spør Hanevik.
Genetiske undersøkingar av embryo (PGT/PGD) er strengt regulerte i Noreg. Etter bioteknologilova er slike undersøkingar berre tillatne i tilfelle der det er høg risiko for at eit framtidig barn vil arve alvorleg sjukdom (sjå faktaboks side 5). Lova slår fast at genetiske undersøkingar ikkje skal brukast til å kartlegge eller velje andre eigenskapar ved embryoet enn dette.
Samtidig er «genetiske undersøkingar» definert breitt i bioteknologilova, og ein kan stille spørsmål ved kva som bør reknast med når det gjeld undersøkingar av embryo. Omgrepet, slik definert i lova, inkluderer ikkje berre undersøking av DNA, men til dømes organundersøkingar som «har til hensikt å gi informasjon om menneskets arveegenskaper». Definisjonen av fosterdiagnostikk inkluderer undersøkingar av føtale celler, foster eller ei gravid kvinne, både for å få informasjon om genetiske eigenskapar og for å påvise eller utelukka sjukdom eller utviklingsavvik.
Spørsmålet vert dermed om ei KI-basert biletanalyse for å predikere kromosomavvik i eit embryo, burde reknast som ei genetisk undersøking i lovas forstand. Dersom svaret på det er ja, kan det tale for at KI-analysane ikkje vil vere lovleg. Dersom svaret er nei, er det mindre opplagt at slike verktøy fell inn under forbodet.
– Så lenge PGT-A som enkeltundersøking er forbode i Noreg, og ingen har teke nærare stilling til korleis desse nye KI-baserte biletanalyseverktøya som er i utvikling skal verte klassifisert, finn me oss kanskje i ei juridisk gråsone, seier Hanevik.
Dersom gode KI-verktøy som predikerer sannsyn for kromosomavvik vert tilgjengeleg, og så lenge verktøya ikkje er ulovleg etter norsk lov, ønsker både Hanevik og Haug Stensen verktøya velkommen.
– Eg er positiv til all teknologi som kan vere med å auke sannsynet for ei vellykka IVF-behandling, og mykje tyder på at KI-baserte analysar av embryo kan bidra til nettopp det i nær framtid, seier Haug Stensen.
Kjelder:
www.thelancet.com/journals/eclinm/article/PIIS2589-5370%2824%2900476-0/fulltext
www.nature.com/articles/s41598-026-40917-5
